Solfrid Molland - Forvandling

  • Førde kyrkje 12 Kyrkjevegen Førde, Sogn og Fjordane, 6800 Norway
Solfrid Molland spelar i Førde Kyrkje søndag 23. oktober.

Solfrid Molland spelar i Førde Kyrkje søndag 23. oktober.

Poetisk om forvandling frå Solfrid Molland på nytt album


Solfrid Molland framfører songar om forvandling, heilskap og det å vere avhengig av naturen på si nye plate. Ho har eit intenst nærvær og formidlar ei heilt spesiell poetisk nerve med stemma si og pianospelet sitt. Med Haiden Powell på trompet, Mats Eilertsen på kontrabass og Torbjørn Økland er Solfrid Molland klar for ny plate og turné i haust.


Solfrid Molland er songar, pianist og komponist. Ho vaks opp med russisk folkemusikk, sigøynarmusikk og vestleg kunstmusikk; eit musikkunivers som pregar konsertane og komposisjonane hennar. På reiser som gatemuskant i Europa lærte ho sigøynarsongar av rom-musikarar, og skreiv musikk inspirert a vulike katedralaer ho var innom på vegen. Denne musikken gav ho ut på to plater hos Kirkelig Kulturverksted: Katedral for Tapte Drømmer (2011) og Musikken er mitt Fedreland (2014), der ho mellom andre spelar med musikarar frå verdskjende Taraf de Haîdouks (sjå video) som er veldkjende for publikum etter fleire konsertar på Førdefestivalen.  I 2015 vart ho tildelt Oslo Bys Kunstnerpris for dette arbeidet.

 

Om musikken

På plata som kjem i haust – som har fått tittelen Forvandling, har Molland skrive all musikk. Både som musikar og komponist har ho utvikla eit særprega tonespråk i skjæringspunktet mellom norsk visetradisjon, aust-eropeisk folkemusikk og vestleg klassisk musikk. Dei dyktige musikarane ho har med seg, set også signaturen sin på utgjevinga.

Forvandling inneheld ni songar med tekstar skrivne av Ingvar Hovland, Inger Hagerup og Beate Myrvold. Molland har også henta gjendiktningar frå aust-europeiske lyrikarar som levde tidleg på 1900-talet. I tillegg er det tre instrumentallåtar. Forvandling er det gjennomgåande temaet, både i tekstane og det musikalske på plata, og vert presentert i eit gjennomgåande holistisk verdssyn, der menneske, dyr og natur eg gjensidig avhengige av kvarandre.