SIGD: Ein poetisk konsert - Maurseth/Lillegraven


  • Trivselshagen 12 Firdavegen Sandane, Sogn og Fjordane, 6823 Norway
Benedicte Maurseth og Ruth Lillegraven. Foto: Paal Audestad


Benedicte Maurseth og Ruth Lillegraven. Foto: Paal Audestad

Saman med Rom for ord, nynorskbyen Førde si satsing på formidling av ordet, inviterer Førdefestivalen til tre poetiske konsertar med folkemusikaren Benedicte Maurseth og dronninga av nye dikt, Ruth Lillegraven: 

Trivelshagen på Sandane - fredag 25. november kl. 20
Jakob Sande Løa - laurdag 26. november kl. 20
vidal grendehus - søndag 27. november kl. 15

Her er omtale av prosjektet i Rom for ord si haustbrosjyre:


Dronninga av nye dikt

Den første forfattaren vi sikra oss til dette haustprogrammet var Ruth Lillegraven. Lenge før bøkene hennar var komne ut. Verken ”Sigd”, den nye diktsamlinga for vaksne eller ”Eg er eg er eg er”, hennar første diktsamling for barn. Men no er dei her, til ei eventyrleg mottaking! Og den første helga i advent er Ruth Lillegraven vår poet, tre heile dagar til ende.

Ruth Lillegraven kjem til Rom for ord saman med folkemusikaren Benedicte Maurseth. Saman framfører dei ein poetisk konsert basert på den nye diksamlinga ”Sigd”. 

Endre veks opp som odelsgut i ei vestlandsbygd på 1800-talet. Han skal vere som faren – og fedrane før han. Som ung mann treff han Abelone, giftar seg med henne og overtek garden. Framtida ser ljos ut – til Endre blir sjuk og sengeliggjande, og lyt selje garden. Kven er han no? Og kva skal han leve for? Det er då bøkene kjem til han frå andre sida av havet, og tek han med ut i verda.

Sigd er ei forteljing i dikts form om eit enkelt, men samstundes storslått liv, om ikkje lenger å kunne vere den ein skulle vere og måtte finne meining i livet slik det vart, om ei tid som ikkje finst meir, og om alt som er likt, til alle tider. Men dette er også kjærleikshistoria om Endre og Abelone – dei som må lage seg sitt heilt eige språk for igjen å kunne snakke saman.

Musikken til forteljinga Sigd er ei blanding mellom improvisasjonsmusikk, tradisjonell folkemusikk og nykomponert folkemusikk for hardingfele og vokal. Maurseth lyttar og brukar rytmen og strukturen til teksten og opplesaren, og limer det saman med slåttar og lydlandskap som gjev puls og pust og underbyggjer og kontrasterer forteljinga.  

 

Eg er eg er eg er

«Noko av det finaste med dikta i denne boka, er at dei gjev akt på hårfine nyansar. Ho tek barnelivet på kornet (…)Den er ei gåve til både vaksne og born.»
Marianne Lystrup, Vårt land,  om “Eg er eg er”

eg er
så sint, så sint
som ei eldkule
gjennom lufta

eg er
så glad, så glad
som eit fyrverkeri
mot nattehimmelen

eg er så lett, så lett
som løvetannulla der
ho dansar i sola

eg er så tung, så tung
som steinen der han
søkk til sjøbotnen

eg glør og blør og brenn
bølgjer fram og tilbake
opp og ned

eg er eg er eg er