Plateslepp med Gro Marie Svidal

  • Jølstramuseet Vassenden
Foto: Andreas E. Nygjerd

Foto: Andreas E. Nygjerd

Når jølstringen Gro Marie Svidal skal sleppe si andre soloplate, er det nesten sjølvsagt at det må skjer i Jølster, og vi i Førdefestivalen svært glade for å kunne invitere til konsert på låven i Jølstramuseet, ein viktig samarbeidspart gjennom mange, mange år. Betre rammer for presentasjon av folkemusikk, finst nesten ikkje.

”Eilov” er tittelen på Gro Marie Svidal si andre soloplate. Det er også tittel på konsertserien ho gjennomfører i samband med lanseringa av plata. Her møter ho deg aleine med eit knippe slåttar ho har arva. Nokre slåttar er svært gamle. Dei har vorte utvikla og finslipte i generasjonar. Andre er kome til i nyare tid med slektskap i dei gamle. Det strålar kraft, gnist og varme når Svidal fortolkar låtane til leik og dans, til ettertanke eller ro. Dette er Svidal sitt avtrykk i tida.

Gro Marie Svidal vert karakterisert som ein virtuos utøvar. Tonen hennar er distinkt og spelet fløymer av musikalsk overskot. Ho møter publikum med varme og entusiasme og krydrar konsertane sine med personlege historier og anekdotar. Ho starta tidleg å gå i lære hos hardingfelemeistrar som Sigmund Eikås frå Jølster, Håkon Høgemo frå Årdal i Sogn og Leif Rygg frå Voss. Meistrane har synt ho vegen inn i det mangfaldige hardingfelerepertoaret hovudsakleg frå Sogn og Fjordane og Hordaland. Seinare har Svidal tatt musikkutdanning ved Ole Bull akademiet og Norges musikkhøgskole og har motteke ei rekke utmerkingar og prisar for musikken sin. Mellom anna vart ho noregsmeister på hardingfele i 2014 og er regjerande vestlandsmeister. Svidal er også ein allsidig og aktiv utøvar som samarbeider med norske og internasjonale utøvarar i mange sjangrar. 

Kaféen på Jølstramuseet opnar kl. 18.00 og vil vere open under konserten. Meny og prisar kjem.