Odde/Holmen

  • Skogstjerna ungdomshus Markane

Det er klart for ein ny sesong på Førdefestivalen si FolkJazzScene, og aller først ut denne hausten er duoen Odde/Holmen, som endåtil spelar to konsertar i fjordfylket. I tillegg til denne i Nordfjord, spelar dei også i Sunnfjord på Jølstramuseet dagen etter.  

Sivert Holmen og Bjørn Kåre Odde har spelt saman sidan dei begge studerte på Norges musikkhøgskole. Hovudrepertoaret består i å utforske lyden av hardingfele og vanleg fele i samspel, og møtet mellom tradisjonsmusikk frå Valdres og Gudbrandsdalen. Begge er opptekne av godt tradisjonsspel frå sine distrikt, men samstundes freistar dei å sprenge grenser for kva som er mogleg å gjere med denne instrumentkombinasjonen. Dei har ei frisk og ungdommeleg framtoning med eit variert repertoar som spenner frå suggererande lause slåttar til lyriske lyarslåttar. 
 

Årets folkemusikar i 2015

I 2015 gjekk Odde/Holmen heilt til topps i FolkOrg sin lanseringskonkurranse, INTRO-folk, og vart kåra til Årets unge folkemusikar. Dei spelte semifinalen sin her på Førdefestivalen, og det er ei glede å ønskje dei velkomne tilbake til fjordfylket. 

Her kan du lese portrettet av dei på Folkemusikk.no: 
http://www.folkorg.no/arets-unge-folkemusiker/

 

Billettar: Vaksne 220 / BOB_medl. 200 / Frivillige 160 / Born 50