Odde/Holmen

  • Jølstramuseet 70 E39 Vassenden, Sogn og Fjordane, 6847 Norge
Sivert Holmen og Bjørn Kåre Odde, under INTRO-folk-semifinalen i 2015. Foto: Arve Ullebø

Sivert Holmen og Bjørn Kåre Odde, under INTRO-folk-semifinalen i 2015. Foto: Arve Ullebø

Det er klart for ein ny sesong på Førdefestivalen si FolkJazzScene, og aller først ut denne hausten er duoen Odde/Holmen som spelar to konsertar i fjordfylket; ein i Nordfjord og så denne onsdagskonserten på ein av dei mest stemningsfulle konsertarenaene våre i låven på Jølstramuseet. 

I tillegg til å nyte musikken frå denne strålande duoen, kan du også nyte god mat og drikke frå kjøkenet på museet. Meir informasjon om menyen kjem. 

Bjørn Kåre Odde og Sivert Holmen har spelt saman sidan dei begge studerte på Norges musikkhøgskole. Hovudrepertoaret består i å utforske lyden av hardingfele og vanleg fele i samspel, og møtet mellom tradisjonsmusikk frå Valdres og Gudbrandsdalen. Begge er opptekne av godt tradisjonsspel frå sine distrikt, men samstundes freistar dei å sprenge grenser for kva som er mogleg å gjere med denne instrumentkombinasjonen. Dei har ei frisk og ungdommeleg framtoning med eit variert repertoar som spenner frå suggererande lause slåttar til lyriske lyarslåttar. 

I 2015 gjekk dei til topps i INTRO-folk, og vart kåra til Årets unge folkemusikar. Dei spelte semifinalen sin her på Førdefestivalen, og det er ei glede å ønskje dei velkomne tilbake til Sunnfjord. 

Her kan du lese portrettet av dei på Folkemusikk.no: 
http://www.folkorg.no/arets-unge-folkemusiker/

Billettar: 
Vaksne 220 / BOB_medl. 200 / Frivillige 160 / Born 50