Gjermund Larsen Trio i Haarklousalen

  • Førde kulturskule 9 Kyrkjevegen Førde, Sogn og Fjordane, 6800 Norway
Gjermund Larsen Trio spelar i Førde torsdag 7. april 2016.

Gjermund Larsen Trio spelar i Førde torsdag 7. april 2016.

Det er nesten så han ikkje treng presentasjon, Gjermund Larsen; verdskjend og verdsett  som han er, både som musikar og komponist. Aller enklast er det å bruke Gabriel Fliflet sitt treffande sitat: Han ser ut som Jesus og spelar som Gud! Og har du ikkje opplevd han og trioen hans enno, må du berre få gjort noko med det. Første sjanse til det i Førde er torsdag 7. april, då serverer trioen hans akustiske perler i vakre Haarklousalen på Førde kulturskule.

Gjermund Larsen Trio debuterte med tingingsverket Brytningstid som vart skrive til Telemarkfestivalen i 2006. Med utgangspunkt i tradisjonsmusikken frå Nord-Trøndelag har Gjermund Larsen i samspel med Andreas Utnem (trøorgel og piano) og Sondre Meisfjord (kontrabass) skapt eit musikalsk univers som sprenger sjangergrensene for folkemusikken.

Trioen presenterer musikk som har i seg element frå barokkmusikk, samtidsmusikk, pop, bluegrass og nordisk folkemusikk. Dei fekk Grappas Debutantpris i 2007, og året etter Spellemannpris for plata Ankomst. To år seinare kom albumet Aurum, som også vart Spellemann-nominert. I 2013 gav dei ut Reise, som er deira foreløpig siste album.

March 1
Gammalgrass
September 20
Odde/Holmen