Julekonsert med KVEDARKVINTETTEN

  • Ålhus kyrkje Ålhus Norway
Kvedarkvintetten - fotografert av Signe Fuglesteg Luksengard.

Kvedarkvintetten - fotografert av Signe Fuglesteg Luksengard.

Klokkeklare stemmer, tette harmoniar – og lysande mjuke smil! Det er lett å la seg begeistre og komme i den rette julestemninga når dei fem jentene i Kvedarkvintetten frå Hallingdal slepper julesongen laus. Tre av dei heiter Myhr og to Risdal Liahagen, og trass sin unge alder, har dei alle i lang tid vore aktive i folkemusikkmiljøet. Vi kjenner dei frå Førdefestivalen og ikkje minst frå TV-ruta; i det flotte juleprogrammet Julefolk i 2011.

Kvedarkvintetten har som mål å få meir av tradisjonssongen frå Hallingdalen fram i lyset, og dette vil også vere gjeldande for repertoaret på julekonserten. –Det blir mykje julesong i hallingdaltradisjon, seier Margit Myhr. –I tillegg har vi med andre songar vi er glade i. Tekstane i julesongane vil nok vere velkjende for dei fleste, men kanskje ikkje melodiane, som for det meste vil vere henta frå Hallingdal.

Dei fem jentene kjem frå to sterke folkemusikkfamiliar på Torpo i Hallingdal, og har sunge saman sidan dei var små. –Dette gjer at vi har eit felles uttrykk, og det fell naturleg for oss å synge saman og følgje kvarandre i songen, seier Margit. Kvedarkvintetten legg vekt på variasjon, og vartar opp med alt frå raske, fartsfylte songar, til vare, stemningsfulle balladar; frå unison slåttetralling til firestemde viser.

Margit Myhr, Sina Myhr, Helga Myhr, Tonje Risdal Liahagen og Silje Risdal Liahagen – alle vokal