Gammalgrass

  • Scandic Sunnfjord Hotel & Spa Storehagen Førde, Sogn og Fjordane, 6800 Norway

Vi er yre av glede over endeleg å kunne invitere til konsert med den vidgjetne trioen Gammelgrass! 1. mars er Ola Kvernberg, Stian Carstensen og Ole Morten Vågan klare for å gje dykk ein skikkeleg godbit av ein konsert.

Musikken deira er ein unik miks av gammaldans og bluegrass; difor namnet Gammelgrass. Vi snakkar rett og slett virtuos, genial musikalsk humor, presentert av tre musikarar som set kvarandre i stemne både verbalt og musikalsk. Med stort overskot og enorm leikelyst serverer trioen den herlegaste salongmusikk du kan tenkje deg, med innslag frå kvar ein krik og krok i Europa. Dette er musikalitet i verdsklasse, her er det berre å sikre seg billett!

VG-melding av plata Obselete Music 1. 

Gammalgrass-intervju på nrk.no