Linda Gytri Trio

  • Blomsterhagen Restaurant 28 Strandgata Florø, Sogn og Fjordane, 6900 Norway
Foto: Oddleiv Apneseth.

Foto: Oddleiv Apneseth.

Velkomen til programpresentasjon Førdefestivalen 2015 kl. 19.15.

Konserten med Linda Gytri Trio startar kl. 20.00 

I samband med at Førdefestivalen lanserer heile programmet for festivalen, inviterer vi til kombinert programpresentasjon og konsert i intime Blomsterhagen Restaurant i Florø. Samarbeidet med Blomsterhagen starta i fjor, med den aller første festivalkonserten i Florø. Tyrkiske Cigdem Aslan smelta publikum sine hjarte, og vi håpar Florøpublikummet difor vil ta vel imot oss når vi no tek ein rask tur gjennom årets mangfaldige program - før vi nyt Linda Gytri og hennar norsk-finske supertrio. 

Trioen er samansett av Linda Gytri sjølv på trekkspel, den finske pianolegenda Timo Alakotila (JPP, Nordic Tree, Maria Kalaniemi Ensemble) og superbassisten Anders Bitustøyl ( Sigrid Moldestad Band, Morten Abel Band). Konserten er ein del av lanseringsturnéen for den første plata deira, som har tittelen Audire.  Det er latin og tyder å lytte.  

Gytri si soloplate Umbra (2012) hausta glitrande kritikkar og vart nominert til Folkelarmprisen som årets soloplate. Linda er tildelt Statens Kunstnarstipend over to år, og saman med dei solide musikarar i den nye trioen, er ho klar for å gje publikum trekkspelpoesi og norskfinsk gladmelankoli av ypparste klasse. Nyeplata Audire har allereie fått strålande kritikkar, og Bergens Tidende gav plata fem hjarte.

 "Sjangerfritt Strynespel" Bladet Folkemusikk

 "Linda Gytri Trio skaper vakre og nære melodier" Bergens Tidende