FAMILIEKONSERT: Ali Baba og lille lam

  • Førdehuset, Festsalen Angedalsvegen Førde, Sogn og Fjordane, 6800 Norway

Velkomen til ei energibombe av ein konsert, der du får oppleve dei kjende og kjære norske barnesongane og folkesongane i ny drakt! 

Dei er der alle saman, Mikkel Rev, Bæ bæ lille lam, Håvard Hedde, Kråkevisa og mange, mange andre – genialt innpakka i nye historier og akkompagnert av musikk som er ei herleg blanding av norsk folkemusikk og balkanpop, og servert av glitrande musikarar. 

Igor Dunderovic og «fetter-orkesteret» hans har brukt både sjølvironi og humor når dei har dikta inn nye historier i våre mest kjende barnesongar og folkeviser. Annleis historier, fordi Igor og musikarane han ikkje har vakse opp i Norge, men i andre land. Ingen av dei har vakse opp med Mikkel Rev, Lille Petter Edderkopp og Bæ Bæ Lille Lam. Derimot kjenner dei Lille Fetter Edhi Yerkov, Baba Lille Lam, og lille Lam Nam Ham frå Vietnam. Og i denne konserten får alle desse litt spennande smårollingane møte sine norske slektningar. 

Nokre av musikarane er fetrar på ekte, nokre er morosame på ordentleg, men alle er skikkeleg gode musikarar. Igor og Elvis har du kanskje sett i Norske Talenter, der dei hevda at dei verken var norske eller talent. Kanskje du også har høyrt juleslageren deira frå 2013: “Gikk meg over sjø og land, så møtte jeg en gammel mann. Du æ’kke norsk, hva gjør du her? frå plata Ali Baba og lille lam. 

Igor Dunderovic - vokal
Elvis de Medici - tenor
Almir Meskovic - trekkspel
Daniel Lazar - fele

Det er berre å glede seg til Igor og tre av fetrane hans dukkar opp i Høyanger (23. februar) og Førde (24. februar) for aller første gong. 

Konsertane skjer i samarbeid med Høyanger kommune og Førde kommune Kultur. 

 

Igor og fetrane har vore gjengangarar på ein del morgonsendingar på TV
og radio - slik har det gått: 

“For en herlig gjeng! Dette ble en glad start på dagen!”, Dagny Larsen 

“Blir jo bare glad av sånn musikk”, Cathrine Helen Riise 

“Noe å bli glad i på morgenkvisten! Jeg stod som fjetret, kunne ikke la være å se og høre!”, Rosanna Padoin 

“Jeg kom i skikkelig godt humør av de gutta der”, Kirsten Krosby Johansen 

“Utrolig bra og morsomt. Gikk rett inn på Spotify for å høre”, Gina Nordland