Linda Gytri Trio

  • Blaoboksen, Sogndal Kulturhus 2 Hovevegen Sogndal, Sogn og Fjordane, 6856 Norway
Foto: Oddleiv Apneseth.

Foto: Oddleiv Apneseth.

Velkomen til programpresentasjon for Førdefestivalen 2015  - kl. 19.15. 

Konsertstart Linda Gytri Trio kl. 20.00. 

I samband med at Førdefestivalen lanserer heile programmet for festivalen onsdag 25. mars, inviterer vi til kombinert programpresentasjon og konsert i den nye Blaoboksen i Sogndal Kulturhus. Det er ei stund sidan Førdefestivalen sist arrangerte FolkJazzScene-konsert i Sogndal, men no ser vi fram til å teste ut den flunkande nye og spennande konsertarenaen. 

I kveld gjev Hilde Bjørkum deg ein rask tur gjennom det omfattande programmet for den 26. Førdefestivalen,  før vi nyt stemningsfull musikk frå Linda Gytri og hennar norsk-finske supertrio. 

Trioen er samansett av Linda Gytri sjølv på trekkspel, den finske pianolegenda Timo Alakotila (JPP, Nordic Tree, Maria Kalaniemi Ensemble) og superbassisten Anders Bitustøyl ( Sigrid Moldestad Band, Morten Abel Band). Konserten er ein del av lanseringsturnéen for den første plata deira, som har tittelen Audire.  Det er latin og tyder å lytte.  

Gytri si soloplate Umbra (2012) hausta glitrande kritikkar og vart nominert til Folkelarmprisen som årets soloplate. Linda er tildelt Statens Kunstnarstipend over to år, og saman med dei solide musikarar i den nye trioen, er ho klar for å gje publikum trekkspelpoesi og norskfinsk gladmelankoli av ypparste klasse. Nyeplata Audire har allereie fått strålande kritikkar, og Bergens Tidende gav plata fem hjerter.

 "Sjangerfritt Strynespel" Bladet Folkemusikk

 "Linda Gytri Trio skaper vakre og nære melodier" Bergens Tidende