BJØRGUM OG SANDÉN-WARG

  • Scandic Sunnfjord Hotel & Spa 2 Storehagen Førde, Sogn og Fjordane, 6800 Norway
Hallvard T. Bjørgum og Daniel Sandén-Warg. Foto: Knut Utler

Hallvard T. Bjørgum og Daniel Sandén-Warg. Foto: Knut Utler

Du får høyre både hardingfele, vanleg fele, munnharpe og kveding når vi i samarbeid med Indre Sunnfjord Spelemannslag inviterer til konsert med setesdølene Hallvard T. Bjørgum og Daniel Sandén-Warg. Med seg har dei arven etter ein av dei beste og tøffaste spelemennene vi har hatt her i landet, Torleiv H. Bjørgum (1921-1990).

Hallvard T. Bjørgum, er sonen til Torleiv, eller Taddeiv, som dei seier i Setesdal, og Daniel Sandén-Warg er den svenske rockegitaristen, som vart hekta på feletradisjonen i Setesdal då han høyrde kassettopptak av nettopp Torleiv H. Bjørgum på 90-talet! Det førde til at Daniel flytta til Setesdal, og lærte felespelet av Hallvard.

Som ein del av eit stort dokumentarprosjekt over Torleiv H. Bjørgum og Faremo-tradisjonen, som han var ein del av, gav dei i vår (2015) ut plata «Bjørgumspel Vol II - Taddeivs minne 1. Det er i all hovudsak repertoaret frå denne plata som skal fylle konserten denne fredagskvelden. Årets plate er ein oppfølgjar til "Bjørgumspel Vol I" frå 2002, ei utgjeving med opptak der Torleiv sjølv spelar.

Hallvard T. Bjørgum (f.1956) er son til Torleiv H. Bjørgum og arvtakaren til Faremo-tradisjonen han representerte. Hallvard har gjeve ut eller medverka på eit stort tal plater. Han har spelt med musikarar som amerikanaren Eric Andersen og Rick Danko frå The Band. Han har vunne Spellemannprisen tre gonger og landskappleiken to gonger. Bjørgum har også fått ei rekkje utmerkingar: I 2002 fekk han Gammlengprisen og i 2014 vart han utnemnd til Riddar av St.Olavs orden av første klasse for sin "enestående betydning for norsk folkemusikk".

Daniel Sandén-Warg (f. 1977) flytta som ung mann frå Karlstad i Sverige til Setesdal for å lære felespel av Hallvard. Der bur han framleis, er utdanna sylvsmed, spelar munnharpe, fele og hardingfele i toppklasse, og snakkar klingande setesdalsdialekt. Daniel har vore fast felespelar for Odd Nordstoga, gjeve ut duoplater med både Sigurd Brokke og Per Anders Buen Garnås, og vore med på ei mengd utgjevingar innan mange sjangrar og uttrykk, med sitt karakteristiske spel og eineståande musikalitet.

Daniel har vore fast felespelar for Odd Nordstoga. Han har gjeve ut duoplater med både Sigurd Brokke og Per Anders Buen Garnås, og vore med på ei mengd utgjevingar innan mange sjangrar og uttrykk. 
 

Hallvard T. Bjørgum - hardingfele, fele, kveding
Daniel Sandén-Warg - hardingfele, fele, munnharpe

Det store dokumentarprosjektet om Torleiv H. Bjørkum vart lansert i mai 2015, og fyldig presentert i bladet Folkemusikk. Ein kortversjon av artikkelen kan du lese på folkemusikk.no.


Konserten set an tonen for Vestlandskappleiken 2015, som går av stabelen helga 9.–11. oktober på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa. Indre Sunnfjord Spelemannslag er vertskap, og ser fram til å ta imot spelemenn, songarar og dansarar frå heile Vestlandet til venskapleg kappestrid og lystig samvære heile helga til endes. Når setesdølene går av scena fredag kveld, står heimlege spelemenn klare til å spele opp til dans. Heile kappleiksprogrammet finn du på vestlandskappleiken.no


 


March 26
Linda Gytri Trio
October 29
Hekla Stålstrenga