Erlend Apneseth & Nils Økland

  • Ciderhuset, Balestrand 32 Sjøtunsvegen Balestrand, Sogn og Fjordane, 6899 Norge
Erlend Apneseth og Nils Økland

Erlend Apneseth og Nils Økland

Vaksen 200.- | Frivillig/student 150,- | Born 50,- | BOiVest-mdl 180,-. Billettar i døra. Kontant betaling.

Erlend Apneseth har invitert med seg sitt store førebilete, Nils Økland, til den første konserten på FolkJazzScena i 2014. Vi ønskjer velkomen til ein konsert der møtet mellom tradisjon og nyskaping står i fokus.

Jølstringen Erlend Apneseth hadde sitt store gjennombrot som musikar i 2013. Han vann Grappa sin debutantpris og kom ut med sitt første soloalbum, som fekk stjernemottaking. Erlend er ein ihuga tradisjonsbærar av musikken frå Jølster, men har på same tid skapt eit rom for seg sjølv i den moderne musikken, gjennom improvisasjon.

Erlend er ikkje berre oppteken av å spele folkemusikk på tradisjonelt vis. Han ønskjer også å gje folkemusikken litt nye nyansar. Eitt førebilete på dette området for den unge jølsteringen, er meisterspelemannen Nils Økland. Den veletablerte felespelaren er kjend for dei fleste som ein pionér og brubyggar med sin samtidsmusikk på hardingfele og Viola D`Amore. Nils Økland har ein lang karriere og ei rekkje kritikarroste album bak seg.

Dette blir eit møte mellom to musikarar som har mykje å dele med kvarandre - og mykje å gje til publikum.

Erlend Apneseth og Nils Økland har også konsert i Eikaasgalleriet på Ålhus søndag 2. februar.