FørdefestivalMAT

 

FørdefestivalMAT-prosjektet starta i 2016, og har som mål å løfte fram lokale råvarer på menyane til kaféar og restaurantar under festivalen. I år er i alt åtte verksemder med på satsinga, som er støtta av Sunnfjord Utvikling og Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen. 

Sjå etter menyen med den grøne logoen, og nyt god mat med lokale råvarer!