Morgonstund har gull i munn

Morgonstund har gull i munn er ein serie konsertar Førdefestivalen gjer i samarbeid med nokre av barnehagane i Førde. I år er det konsert i Solsida Barnehage avdeling Haugum, Ytre Hafstad barnehage og Vieåsen Barnehage, avdeling Tussero.

Konsertane er tenkt som utearrangement, og her er det høve til å ta med frukost og nyte ei frisk morgonstund i det fri. Dersom det blir regn, vert konsertane flytta inn i barnehagen, eller under tak. Ta gjerne med sitjeunderlag. 

I år er det marokkanske Aissa Tobi som skal ta små og store med på ei reise til heimlandet, gjennom songar, rytmar og dansar. Aissa har budd i Norge sidan 

Konsertane høver for born frå 3 år, og er gratis. 

 

Konsertar

Onsdag 5. juli kl. 09.00-09.30
 Solsida Barnehage, avdeling Haugum

Torsdag 6. juli kl. 09.00-09.30
Ytre Hafstad Barnehage

Fredag 7. juli kl. 09.00-09.30
Vieåsen Barnehage, avd. Tussero

 

Torill Faleide