Festivalfrukost

Laurdag morgon inviterer vi heile byen på gratis festivalfrukost i parken på Festplassen. Her har Kokkenes Meisterlaug stelt i stand fleire bufear med mat og drikke, og bord og benkar står klar til små og store som vil nyte frukosten ute denne morgonen. 

Som regel vert det trangt om sitjeplass, så det kan vere ein god idé å ta med eigen stol, eller eit teppe å sitje på. 

Frå scena vert det festivalmusikk. 

Dersom vêret ikkje innbyr til frukost i det grøne, flyttar vi som vanleg frukostserveringa under taket på rådhuset, på Langebrutorget. 

 

Tid og stad:

Festivalfrukost
laurdag 8. juli kl. 09.00
Festplassen

 

 

 

Torill Faleide