Barneverkstad med Kouame Sereba

For born frå 3-7 år.

Éin ting er sikkert - borna elskar Kouame!

I Afrika vert det spelt på trommer og dansa til både kvardag og fest, ved fødsel, dåp, bryllaup og gravferd. Slik vert den afrikanske musikktradisjonen formidla vidare frå generasjon til generasjon. På Kouame sin dialekt frå Elfenbeinskysten, gban, finst det ikkje eit eige ord for musikk, eller det å synge, spele eller danse. Det finst berre eitt ord ”sah”, som er alt på ein gong – samhald, glede, fest, rytme og tromming! Rytmesansen er universell og uavhengig av kulturell bakgrunn, meiner Kouame. - Alle menneske har rytme, det har ingenting med etnisk bakgrunn å gjere” seier han. For han er det viktig å vise at talent for rytme ikkje er noko mystisk og eksotisk.  

Kouame Sereba har budd i Norge i mange år, og er ein kjend og ettertrakta musikar i mange samanhangar. Han har reist land og strand rundt i landet vårt med kurs og forestillingar for barn. Og éin ting er sikkert – borna elskar Kouame!

No har du sjansen til å vere med inn i Kouames rytmiske leikeunivers, og du treng ikkje kunne noko frå før, har du lyst, har du lov!

 

Dag og tid:

Barneverkstad med Kouame Sereba
Torsdag 6. juli kl. 16.00-16.45

Torill Faleide