FARGERIKE FØRDE!

 Foto: Førdefestivalen

Foto: Førdefestivalen

Velkommen til å presentere nasjonale matrettar laurdag 17. november i Førdehuset, då går det årlege Fargerike Førde/Bornas verdsdagar av stabelen.

Det er trongt om plassen på dette arrangementet, i år får vi om lag 1 kvadratmeter bordplass pr. deltakar. Vi må difor prioritere mangfaldet av matrettar og nasjonalitet. Det vil seie at dersom fleire matrettar av same slag vert påmeldt kan nokon risikere å ikkje få plass. Vi kan ha ei varmeplate og ein microbølgeovn i rommet som alle kan nytte, dette pga straumkapasitet.

Det vert ikkje høve til sal av matrettar utandørs.

Elles skal retten «passe» til å koste kr 20,- .

God hygiene, forkle, aluminiumsfolie og eingongsutstyr er sjølvsagt på eit slikt arrangement.

Dette må de få med i  påmeldinga:

·        Namn og telefon/e-post

·        Kva matretten heiter og kva nasjonalitet den høyrer til

Fristen for påmelding er 5. November

Send påmelding til produsent@fordefestival.no    

Lukke til med matlaging!

 Foto: Førdefestivalen

Foto: Førdefestivalen

 Foto: Førdefestivalen

Foto: Førdefestivalen


Ingebjørg Nomeland