Trekkspelverkstad med Ole Nilssen

  • EVENTYRROMMET, 2. etasje - Førdehuset 5 Angedalsvegen Førde, Sogn og Fjordane, 6800 Norway
Foto: Johannes Selvaag

Foto: Johannes Selvaag

Trekkspelverkstaden er i Eventyrrommet i 2. etasje i Førdehuset. 

Korleis får vi lyd i eit trekkspel? Kor svakt går det an å spele? Ole viser og vi hermar! 

PS! Det finst mange typar trekkspel, og Ole tek med nokre av dei; einradar, toradar og vanleg trekkspel. Dei er både lette og litt vanskelege å spele på, men med ein så flink lærar som Ole, vil du uansett klare det! Vi håpar iallfall at du vil prøve. Kanskje du kjem til å like det kjempegodt?


Ole Nilssen elskar trekkspel og lever etter mottoet: Trekkspel til folket!  Frå han var bitteliten har han vore lidenskapleg interessert i folkemusikk – og folkedans. Ole har sikra seg mange førsteplassar i kappleikar både som musikar og dansar, og er mykje brukt som lærar i begge dele, både på Ole Bull Akademiet på Voss og andre stadar. Vi er utruleg glade for at han kunne vere instruktør på Bornas Verdsdagar Førde. Og Ole gler seg skikkeleg til å vise kva som er så flott med å spele trekkspel. 


Alle verkstadane er gratis, og det er inga påmelding. Berre møt opp ved den verkstaden du vil vere med på. 

  • Første verkstad byrjar kl. 12.00. 
  • Kvar verkstad varer i ca 20 minutt. 
  • Verkstaden går ca. 2 gonger pr time (bortsett frå den timen det vert lagt inn lunsjpause)
  • Ny verkstad byrjar etter ein liten pause.
  • Ei klokke utanfor verkstaden viser når neste startar. 
  • Ein verkstad-vert passar på. Snakk med ho/han om du lurer på noko.