Back to All Events

Songverkstad med Oline Løvlid

  • MØTEROM A, kjellaren i Førdehuset 5 Angedalsvegen Førde, Sogn og Fjordane, 6800 Norway (map)
Foto: Førdefestivalen / Knut Utler

Foto: Førdefestivalen / Knut Utler

Her er verkstaden for dei aller minste, som likar å synge eller høyre på song. Oline Løvlid er eit oppkome av norske folkesongar og har ei fantastisk evne til å formidle songglede til born i alle aldrar. 

 

Oline Løvlid er ein topputøvar og læremeistar for ein heil generasjon kvedarar i Hornindal. Heilt sidan 1978 har ho gjort samla folkemusikk, folkesongar og folkeminne frå bygda si. Gjennom sin nære kjennskap til eigen tradisjon og eldre menneske i Hornindal har ho fått gjennomført opptak av songar som elles sto i fare for å gå i gløymeboka. Mange av desse opptaka er tilført musikksamlinga i Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

 

I forkant av Bornas Verdsdagar Førde har Oline vitja dei fire barnehagane i Førde som i år er med på det store verdskoret. Ho måtte jo det, for at alle borna skulle lære seg songane dei skal synge på opninga av Bornas Verdsdagar Førde. Det skjer kl. 11.30 i Festsalen, før alle verkstadane byrjar kl. 12.00.-

I 2006 gav Oline Løvlid ut plata «Fortal» der 67 kvedarar frå Hornindal deltek. Same året fekk ho Postens kulturpris. Ho har også fått kulturprisen frå Hornindal kommune (1997) og Folkemusikkprisen i Sogn og Fjordane. 

 

Alle verkstadane er gratis, og det er inga påmelding. Berre møt opp ved den verkstaden du vil vere med på. 

  • Første verkstad byrjar kl. 12.00. 
  • Kvar verkstad varer i ca 20 minutt. 
  • Verkstaden går ca. 2 gonger pr time (bortsett frå den timen det vert lagt inn lunsjpause)
  • Ny verkstad byrjar etter ein liten pause.
  • Ei klokke utanfor verkstaden viser når neste startar. 
  • Ein verkstad-vert passar på. Snakk med ho/han om du lurer på noko.
Earlier Event: November 12
Ansiktsmåling
Later Event: November 12
Trekkspelverkstad med Ole Nilssen