Orientalsk dans med Laila Bellydance

  • SCENA I STORSALEN (inngang i kjellar), Førdehuset 5 Angedalsvegen Førde, Sogn og Fjordane, 6800 Norway
Foto: Rikskonsertane/Jimmy Poots

Foto: Rikskonsertane/Jimmy Poots

Orientalsk dans-verkstaden er på scena i Storsalen. Inngang frå kjellar. 

Vi leikar og bevegar oss til fengande arabiske rytmar og lærer nokre strofer egyptisk på vegen. Programmet for timen kan variere; nokre grupper vil også prøve seg på folkedans frå Nord-Afrika og Midt-Austen som passar for gutar og jenter. 

Jenter og gutar i alle aldrar, og vaksne som følgjer der, er hjarteleg velkomne til å bli med! 


Laila Bellydance

Laila Bellydance er ballettpedagog, magedansar og driv danseskule i Lillestrøm. 


Alle verkstadane er gratis, og det er inga påmelding. Berre møt opp ved den verkstaden du vil vere med på. 

  • Første verkstad byrjar kl. 12.00. 
  • Kvar verkstad varer i ca 20 minutt. 
  • Verkstaden går ca. 2 gonger pr time (bortsett frå den timen det vert lagt inn lunsjpause)
  • Ny verkstad byrjar etter ein liten pause.
  • Ei klokke utanfor verkstaden viser når neste startar. 
  • Ein verkstad-vert passar på. Snakk med ho/han om du lurer på noko.