Back to All Events

Norsk dans med Asbjørg og Arne M. Sølvberg

  • SAKRALROMMET, 2. etasje Førdehuset 5 Angedalsvegen Førde, Sogn og Fjordane, 6800 Norway (map)
Asbjørg og Arne III.jpg

Her er verkstaden for dei som har lyst til å sjekke ut norske dansar som halling, springar og reinlender - og heilt sikkert endå fleire. Norsk dans er ganske kult altså, for dei som torer å prøve..  Denne verkstaden passar både for gutar og jenter! 

Asbjørg og Arne Sølvberg bur i Nordfjord. Dei har alltid dansa, så å seie, både på kappleikar og i alle andre samanhengar der det har vore høve til å svinge seg. Gjennom tallause kurs og samlingar opp gjennom åra, har dei to lært folkedans og gamaldans til born, unge og gamle, land og strand rundt. Arne er også ein av dei beste felespelarane i landet, og er i tillegg kjend for å elske å gå i rosa Moods of Norway dress!


Alle verkstadane er gratis, og det er inga påmelding. Berre møt opp ved den verkstaden du vil vere med på. 

  • Første verkstad byrjar kl. 12.00. 
  • Kvar verkstad varer i ca 20 minutt. 
  • Verkstaden går ca. 2 gonger pr time (bortsett frå den timen det vert lagt inn lunsjpause)
  • Ny verkstad byrjar etter ein liten pause.
  • Ei klokke utanfor verkstaden viser når neste startar. 
  • Ein verkstad-vert passar på. Snakk med ho/han om du lurer på noko.
 
Earlier Event: November 12
AFRO BEAT med Diom de Kossa
Later Event: November 12
Orientalsk dans med Laila Bellydance