Back to All Events

Japansk teater – Issun Boshi

  • TEATERSALEN, 1. etasje i Førdehuset 5 Angedalsvegen Førde, Sogn og Fjordane, 6800 Norway (map)

Framsyninga varer i 35 min, og vert vist tre gonger i Teatersalen: 

kl. 12.00
kl. 13.30
kl. 15.00

Framsyninga er gratis og høver best for born frå 5 år. 

 

Teaterstykket fortel historia om Issun Boshi, som er eit veldig kjent folkeeventyr frå Japan. Eventyret handlar om ein veldig liten gut som vert fødd hos eit ektepar som ikkje har andre born. Paret bur på landsbygda i Japan. Dette japanske eventyret viser at folkeeventyr liknar i alle land. For eksempel kan Issun Boshi lett samanliknas med vårt eige eventyr om Tommeliten.

Historia handlar om ein liten samurai – her spelt av ei dokke – og kva som skjer med han når han sluttar å vekse.  Forteljinga tek deg inn i ei poetisk og magisk verd, der scenografien er så autentisk japansk som mogleg.

Pianist Mai Goto er japansk og spelar sjølvkomponert musikk på clavichord og piano, på same tid som ho spelar prinsesse Epleblomst i stykket.

Karin Stautland er dokkeførar/forteljar og har omsett stykket frå japansk.  

I samarbeid med Sogn og Fjordane Teater. 

Earlier Event: November 12
Bornas Verdsdagar Førde 2016
Later Event: November 12
AFRO BEAT med Diom de Kossa