Bornas Verdsdagar Førde 2016

  • Førdehuset 5 Angedalsvegen Førde, Sogn og Fjordane, 6800 Norway

Alle foto er frå Bornas Verdsdagar Førde 2015. Fotograf: Arve Ullebø

Laurdag 12. november er dagen då born i alle aldrar kan boltre seg på gratis miniverkstadar og prøve ut både dans, song og musikk i Førdehuset. Då går den sjuande Bornas Verdsdagar Førde av stabelen.

Program:

kl. 11.30 OFFISIELL OPNING i Festsalen, med mellom anna det store verdskoret med born frå fire barnehagar i Førde. 

kl. 12.00 - VERKSTADANE STARTAR   

På Bornas Verdsdagar kan du prøve deg på kule norske dansar som halling og springar, eller kanskje du vil teste trekkspel for aller første gong? På ein annan verkstad er det orientalsk dans, i eit anna rom blir det songverkstad for dei minste, i teatersalen vert det vist japansk teater om ein bitteliten kar som heiter Issun Boshi, og som minner om vår eigen Tommeliten. Dei minste borna kan bli med på songverkstad, og alle kan bli med på afro beat, der det handlar om å spele på afrikanske trommer. På biblioteket er det laga ei magisk eventyrhole, der du kan roe ned og høyre på eventyr frå andre land.

Alle verkstadane på Bornas Verdsdagar Førde er gratis, og det er inga påmelding. Berre møt opp utanfor kvar verkstad, så prøvar vi å få plass til alle. Ei økt på verkstaden varer i ca 20 minutt, og det blir køyrd to verkstadar i timen. Det er lov å gå fleire gonger. Verkstadane går i rom som er dekorerte etter temaet på verkstaden, og vi tek i bruk heile Førdehuset: Kjellaren, scena i storsalen, møterom, biblioteket, Musikkrommet, Eventyrrommet, Festsalen og Teatersalen. Andre kjekke aktivitetar er ansiktsmåling, teiknekrok og namneskriving på andre språk.

På Verdsscena i Festsalen, vert det også gjensyn og gjenhøyr med det populære voggesongprosjektet frå Førdefestivalen i sommar: Sulla meg litt du mamma mi.. Grenselause voggesongar! Her deler innvandrarmødre i Sunnfjord sin eigen voggesong med oss.

Fargerike Førde, den populære internasjonale kafeen i regi av Frivilligsentralen i Førde er også ein del av arrangementet i Førdehuset laurdag.  I utstillingssalen vil det bogne av mat frå mange land, så her er det råd å smake mat frå heile verda. Hugs å ta med kontantar, for kafeen har ikkje bankterminal. 


Teateret varer i 35 minutt, og vert vist tre gonger i løpet av dagen. Sjå oppslag utanfor teatersalen.



Bornas Verdsdagar Førde er eit samarbeid mellom Førdefestivalen, Førde kommune, Fargerike Førde, Sogn og Fjordane Teater, Førde Bibliotek og Sogn og Fjordane fylkeskommune . Konseptet starta som eit arrangement i Oslo i regi av Rikskonsertane, men har i løpet av dei siste åra spreidd seg til heile landet. I Førde arrangerer vi Bornas Verdsdagar for sjuande år på rad.

 

November 12
Verdsscena