AFRO BEAT med Diom de Kossa

  • MUSIKKROMMET, 2. etasje i Førdehuset 5 Angedalsvegen Førde, Sogn og Fjordane, 6800 Norway
Foto: Lars Opstad, Kulturtanken

Foto: Lars Opstad, Kulturtanken

AFRO BEAT skal vere i Musikkrommet i 2. etasje

Her får du prøve å spele på djember, saman med Diom de Kossa, som er ein meister på desse afrikanske trommene. Han lærer deg ulike rytmar, og sjølv om du ikkje har djembe heime, kan du kanskje få fram rytmane på noko anna?

Då Diom de Kossa kom frå Elfenbeinskysten til Norge på 80-talet, tok han sjølvsagt med seg dei sterke musikk- og dansetradisjonane han var vaksen opp med. Diom de Kossa er ein meister på djembe, den afrikanske tromma der du brukar hendene til å få fram rytmen. Etter han kom til Norge, har Diom de Kossa spelt i fleire band, og med internasjonale stjerner som Mory Kanté. I 2010 hadde han stor suksess med si første soloplate Baba toulenga, og no har han nettopp gjeve ut plate nummer to, Wasso.

I tillegg til å gje ut plater og spele konsertar for vaksne, har Diom de Kossa reist land og strand rundt i barnehagar og skular i heile Norge med den fantastiske afro beaten sin. Han er ein skikkeleg populær kar, som syns noko av det kjekkaste er å få lære born litt tromming! 

 

På Bornas Verdsdagar er alle verkstadane er gratis, og det er inga påmelding. Berre møt opp ved den verkstaden du vil vere med på. 

  • Første verkstad byrjar kl. 12.00. 

  • Kvar verkstad varer i ca 20 minutt. 

  • Verkstaden går ca. 2 gonger pr time (bortsett frå den timen det vert lagt inn lunsjpause)

  • Ny verkstad byrjar etter ein liten pause.

  • Ei klokke utanfor verkstaden viser når neste startar. 

  • Ein verkstad-vert passar på. Snakk med ho/han om du lurer på noko.