Hårfletting

  • Foajeen - 1. etasje Førdehuset 5 Angedalsvegen Førde, Sogn og Fjordane, 6800 Norway

Ein liten del av foajeen i Førdehuset blir som ein liten frisørsalong der du kan få flotte afrikanske flettefrisyrar! Hårflettinga er ein aktivitet vi tilbyr i samarbeid med Bergum Mottakssenter, og det er kvinner som bur på mottaket som stiller opp og flettar, og viser denne tradisjonen dei har med seg frå heimlanda sine. Dette plar vere svært så populært på Bornas Verdsdagar Førde.