Feleverkstad (8år+)

  • Prøvesalen - 2. etasje, Førdehuset 5 Angedalsvegen Førde, Sogn og Fjordane, 6800 Norway

Fela står sterkt i den norske musikktradisjonen, og her får du moglegheita til å prøve instrumentet sjølv. Sigmund lærer deg korleis du skal halde fela og stryke med bogen for å få lyd. Blir det ein song eller rare lydar som kjem ut? Visste du forresten at felebogen er laga av halen på ein hest?

Musikar: Sigmund Eikås

Den første feleverkstaden startar kl. 12.00. Kvar verkstad varer i ca. 20 minutt, og ny verkstad startar når det er nok deltakarar. Verkstaden går fram til kl. 16.00, men det er lunsjpause mellom kl. 13.45-14.15.