FARGERIKE FØRDE - KAFÉ
Nov
12
Nov 13

FARGERIKE FØRDE - KAFÉ

  • UTSTILLINGSSALEN OG FESTSALEN i Førdehuset

På den internasjonale kafeen Fargerike Førde får du kjøpt mat med spennande smakar frå andre land. Hugs kontantar! 

Namneskriving
Nov
12
1:00 pm13:00

Namneskriving

  • Biblioteket - 1. etasje, Førdehuset

Noko med det første vi lærer oss å skrive er namnet vårt. Men har du tenkt på korleis namnet ditt ser ut når det blir skrive på eit anna språk? I år kan du få det skrive på tigrinja og guarani.

Eventyrhola (4-7 år)
Nov
12
12:45 pm12:45

Eventyrhola (4-7 år)

  • Biblioteket - 1. etasje, Førdehuset

I den koselege lesekroken på biblioteket får du høyre spennande eventyr. Ei klokke utanfor biblioteket viser når neste lesestund byrjar.  

Teikneverkstad
Nov
12
12:00 pm12:00

Teikneverkstad

  • KJELLAREN i Førdehuset

I teikneverkstaden kan du sitje i ro og mak og kose deg med fargelegging og teikning. Teikneverkstaden finn du i kjellaren i Førdehuset.  

Trekkspelverkstad med Ole Nilssen
Nov
12
12:00 pm12:00

Trekkspelverkstad med Ole Nilssen

  • EVENTYRROMMET, 2. etasje - Førdehuset

På trekkspelverkstaden med Ole, får dei som vil, prøve yndlingsinstrumentet hans, og Ole gler seg til å vise kva som er så flott med å spele trekkspel! 

Songverkstad med Oline Løvlid
Nov
12
12:00 pm12:00

Songverkstad med Oline Løvlid

  • MØTEROM A, kjellaren i Førdehuset

Her er verkstaden for dei aller minste, som likar å synge eller høyre på song. Oline Løvlid er eit oppkome av norske folkesongar og har ei fantastisk evne til å formidle songglede til born i alle aldrar. 

Ansiktsmåling
Nov
12
12:00 pm12:00

Ansiktsmåling

  • UTANFOR EVENTYRROMMET, 2. etasje i Førdehuset

Ansiktsmålinga foregår i 2. etasje, utanfor Eventyrrommet. Bruk trappa utanfor idrettshallen. Boda for ansiktsmåling vil vere opa frå kl. 12-16. 

Orientalsk dans med Laila Bellydance
Nov
12
12:00 pm12:00

Orientalsk dans med Laila Bellydance

  • SCENA I STORSALEN (inngang i kjellar), Førdehuset

Her får du leike deg med feiande og fengande arabiske rytmar og dans. Og kanskje lærer du deg ei egyptisk strofe eller to? Verkstaden passar både får gutar og jenter - i alle aldrar. 

Norsk dans med Asbjørg og Arne M. Sølvberg
Nov
12
12:00 pm12:00

Norsk dans med Asbjørg og Arne M. Sølvberg

  • SAKRALROMMET, 2. etasje Førdehuset

Her er verkstaden for dei som har lyst til å sjekke ut norske dansar som halling, springar og reinlender - og heilt sikkert endå fleire. Norsk dans er ganske kult altså, for dei som torer å prøve..  Denne verkstaden passar både for gutar og jenter! 

AFRO BEAT med Diom de Kossa
Nov
12
12:00 pm12:00

AFRO BEAT med Diom de Kossa

  • MUSIKKROMMET, 2. etasje i Førdehuset

På verkstaden med Diom de Kossa får du prøve å spele på djembe, saman med ein skikkeleg "djembemeister", Diom de Kossa. Han vil lære deg nokre afrikanske rytmar du kan ta med - og tromme fram igjen på andre ting, om du ikkje er så  heldig at du har ein djembe heime, då? 

Japansk teater –  Issun Boshi
Nov
12
12:00 pm12:00

Japansk teater – Issun Boshi

  • TEATERSALEN, 1. etasje i Førdehuset

Dette japanske teaterstykket viser historia om Issun Boshi, eit bitteliten gut som blir fødd på landsbygda i Japan. Eventyret liknar veldig på vårt eige eventyr om Tommeliten, han som slutta å vekse. Prinsessa i det japanske eventyret heiter forresten Epleblomst. 

Verdsscena
Nov
12
11:30 am11:30

Verdsscena

  • FESTSALEN i Førdehuset

Bornas Verdsdagar Førde vert opna kl. 11.30 i Festsalen. Her blir det også tre bolkar med song, musikk og dans frå VERDSSCENA - mellom anna Verdskoret med born frå 4 av barnehagane i Førde!