
Carolina, Amina og Paulo er tre unge, energiske dansarar frå Mosambik. Dei vil gjerne lære deg korleis dei dansar i heimlandet sitt.
Det er berre å sjå på dei og herme så godt du kan. Så enkelt - og så gøy!
På Bornas Verdsdagar er alle verkstadane gratis, og det er inga påmelding. Berre møt opp ved den verkstaden du vil vere med på.
Første verkstad byrjar kl. 12.00.
Kvar verkstad varer i ca 20 minutt.
Verkstaden går ca. 2 gonger pr time (bortsett frå den timen det vert lagt inn lunsjpause)
Ny verkstad byrjar etter ein liten pause.
Ei klokke utanfor verkstaden viser når neste startar.
Ein verkstad-vert passar på. Snakk med ho/han om du lurer på noko.