Back to All Events

SONGVERKSTAD med Kari Malmangar (1-3 år)

  • MØTEROM A, underetasjen i Førdehuset 5 Angedalsvegen Førde, Sogn og Fjordane, 6800 Norway (map)
 Kari Malmanger på besøk i Tusenfryd Barnehage. Foto: Arve Ullebø

Kari Malmanger på besøk i Tusenfryd Barnehage. Foto: Arve Ullebø

Ein barnesongverkstad for dei aller minste (1-3 år). Forankra i norske tradisjonar leier Kari an i historiene og rørslene som høyrer til. 

Passar best for 1-3 år

Musikar: Kari Malmanger

 

Kari Malmanger frå Rosendal er kvedar i eliteklassen og utdanna lærar frå Høgskulen i Bergen. Ho har òg folkemusikkutdanning frå Raulandsakademiet og Ole Bull Akademiet. Ho har mastergrad i etnomusikologi og skreiv oppgåve om song, kjensler og minne. I 2012 kom ho ut med plata ”No soli bakom blåe fjell”. No arbeider ho som lærar ved Kaupanger skule i Sogndal, og er i tillegg kordirigent, frilansmusikar og musikkpedagog. Kari likar å syngja all slags musikk, men særleg folkemusikk.

I forkant av Bornas Verdsdagar Førde har Kari vitja dei fire barnehagane i Førde som i år er med på det store verdskoret. Ho måtte jo det, for at alle borna skulle lære seg songane dei skal synge på opninga av Bornas Verdsdagar Førde. Det skjer kl. 11.30 i Festsalen, før alle verkstadane byrjar kl. 12.00.

 

Alle verkstadane er gratis, og det er inga påmelding. Berre møt opp ved den verkstaden du vil vere med på. 

  • Første verkstad byrjar kl. 12.00. 
  • Kvar verkstad varer i ca 20 minutt. 
  • Verkstaden går ca. 2 gonger pr time (bortsett frå den timen det vert lagt inn lunsjpause)
  • Ny verkstad byrjar etter ein liten pause.
  • Ei klokke utanfor verkstaden viser når neste startar. 
  • Ein verkstad-vert passar på. Snakk med ho/han om du lurer på noko.
Earlier Event: November 25
BOLLYWOODDANS (alle)
Later Event: November 25
Ansiktsmåling