Back to All Events

Feleverkstad med Ingrid Heieren (6 år +)

  • EVENTYRROMMET, 2. etasje - Førdehuset 5 Angedalsvegen Førde, Sogn og Fjordane, 6800 Norway (map)
Feleverkstad_ARU0463 (10).JPG

Fela står sterkt i den norske musikktradisjonen, og her får du moglegheita til å prøve instrumentet sjølv. Ingrid lærer deg korleis du skal halde fela og stryke med bogen for å få lyd. Blir det ein song eller rare lydar som kjem ut? Visste du forresten at felebogen er laga av halen på ein hest?

Passar best for 6 år og oppover
Musikar: Ingrid Heieren


Alle verkstadane er gratis, og det er inga påmelding. Berre møt opp ved den verkstaden du vil vere med på. 

  • Første verkstad byrjar kl. 12.00. 
  • Kvar verkstad varer i ca 20 minutt. 
  • Verkstaden går ca. 2 gonger pr time (bortsett frå den timen det vert lagt inn lunsjpause)
  • Ny verkstad byrjar etter ein liten pause.
  • Ei klokke utanfor verkstaden viser når neste startar. 
  • Ein verkstad-vert passar på. Snakk med ho/han om du lurer på noko.
 

Later Event: November 25
Eventyrhola (4-6 år)