Billettar

Billettar til Førdefestivalen kjøper du hos TicketCo og på Billettkontoret i festivalveka, og via programsidene på vår nettside fordefestival.no. 

Bruk datamaskin, nettbrett eller smarttelefon for kjøp av enkeltbillettar og festivalpass. Dersom du skal kjøpe fleire billettar, er det best å bruke PC eller MAC.

 

ABC for bruk av handlekorg på TicketCo

HER har vi laga ei enkel oppskrift for korleis handlekorga fungerer. 

Billettane kan du skrive ut og ta med, eller du kan bruke QR-koden du får tilsendt til telefonen. Vi skannar koden i døra - eller på billettkontoret når du har kjøpt festivalpassbillett

( bytast i armband på Billettkontoret).  

Billettprisar: Sjå program/brosjyre.
Alle billettprisar er inkludert serviceavgift. Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.

For spørsmål om program og billettkjøp, send epost til: billettar@fordefestival.no eller ring tlf 46 90 50 10.


Kjøp Festivalpass - 2018

Festivalpass kr. 970,-:

  • Gir fritt tilgjenge (unummererte plassar) til dei 4 store konsertane i Idrettshallen, samt utekonserten på Festplassen laurdag 7. juli:
    • Opningskonserten - torsdag 5. juli
    • FLAMENCO - 4 women 4 - fredag 6. juli
    • Fanfare Ciocarlia - laurdag 7. juli
    • Festivalgalla - laurdag 7. juli
    • Elida Almeida - søndag 8. juli
  • Gir fritt tilgjenge til dansearrangementa i Festsalen på kveldstid, GOD rabatt på alle andre billetterte arrangement og rabattpris på kurs. 

Medlemsrabattar på festivalpass:

Medlemmer i DNT får 20% rabatt på festivalpass. 

Abonnentar på Bergens Tidende - BT Kortet - får 20% rabatt på festivalpass. 

NB! DNT medlemskort og BT-kort må visast på Billettkontoret. 


Rabattbillettar for Ungdom/ Student på alle enkeltarrangement:

Alder: 14 - 20 år.  Student: Under 30 år. Legitimasjonsplikt.

Barnebillettar:

Billett kr 50,- for born på alle konsertar. Alder: Under 14 år.

 


Idrettshallen, Førdehuset - nummererte felt på golvplan:

Felt A - i midten frå hovudinngang; Felt B - til høgre frå hovudinngang, og Felt C - til venstre frå hovudinngang. Ein må ha plassbillett for å sitte på desse områda. Tilleggspris for plassbillett er kr. 50,-.

Festivalpasset gir fritt tilgjenge til unummererte plassar på tribunene og galleriet. 

Passhaldarar kan kjøpe plassbillettar til kr 50,- pr sete. Ungdom/Student kr 50,- ekstra for plassbillett.

Merk: Til konserten med Elida Almeida søndag 8. juli kl. 15.00 i Idrettshallen sel vi KUN unummererte billettar.


Innslepp i idrettshallen:

Innslepp startar 45 minutt før konsertstart. Vi ber publikum om å vere ute i god tid til konsertane i idrettshallen, slik at vi får smidig innslepp og kan starte presis. 

Alle andre konsertsalar har unummererte plassar, og innslepp til konsertane er 30 minutt før konsertstart.

 

Forklaringar til billettprisar i program/brosjyre:

Døme 1: Opningskonsert (Idrettshallen, torsdag 5. juli) - 380 (ordinær pris vaksen, unummerert) / - (inkludert i festivalpasset; unummerert) / 200 (rabattbillett Ungdom/Student, unummerert).

Døme 2: Nordisk klubb (Scandic Sunnfjord Hotel, laurdag 7. juli) - 380 (ordinærpris, vaksen) / 240 (pris med Festivalpass) / 200 (rabattbillett Ungdom/Student)

 

Følgjekort

Fritt tilgjenge/fribillett for følgjeperson til funksjonshemma/ rullestolbrukar på dei fleste konsertarenaane. Gyldig følgjekort må visast ved billettkjøp. Fribillett til følgjeperson kan bestillast ved å ringje Billettkontoret på tlf 46 90 50 10. Det er kun Billettkontoret som kan skrive ut fribillettar.

 

Konsertar utanfor Førde

Det vert sett opp busstransport til og frå konsertar utanfor Førde. Bussavgang utanfor Førdehuset; bussbillett er inkludert i konsertbilletten.

Unntak: Bussavgang frå Langebrutorget kl 10.30 PRESIS til konserten 706 moh 7. juli kl 13.00.

 


Medlems- og abonnentrabattar:

DNT-medlemmer kan kjøpe 1 stk Festivalpass pr medlemsskap til rabattpris. Gyldig medlemskort må visast på Billettkontoret.

Firda-abonnentar: Rabattbillettar til Fanfare Ciocarlia på Festplassen laurdag 7. juli kl 15.30, inntil 2 stk vaksne pr abonnement. Gyldig stadfesting på abonnement (sms) må visast ved billettkjøp/ innsjekk.

BOB-medlemmer: Rabattbillettar til Fanfare Ciocarlia på Festplassen laurdag 7. juli kl 15.30 og Elida Almeida i Idrettshallen, Førdehuset søndag 8. juli kl 15.00. Inntil 2 stk vaksne + x antall barn pr medlemskort. Gyldig medlemskort må visast ved billettkjøp/ innsjekk.

Bergens Tidende-abonnentar kan kjøpe inntil 2 Festivalpass pr abonnement til rabattpris. Gyldig BT-kort må visast på Billettkontoret.

 

Billettkontoret

Sentralbord: +47 46 90 50 10

Epost: billettar@fordefestival.no


Inngang rett frå parkeringsplassen ved Førdehuset. 

Det er gjennomgang frå Billettkontoret til resten av Førdehuset.

Opningstider 2. juli - 8. juli:
Måndag-tysdag 09.00-20.00
Onsdag 09.00-22.00
Torsdag-laurdag 09.00-24.00
Søndag 10.00-18.00