Billettar til Førdefestivalen kjøper du hos TicketCo og på Billettkontoret i festivalveka. 

Bruk datamaskin, nettbrett eller smarttelefon for kjøp av enkeltbillettar og festivalpass. Dersom du skal kjøpe fleire billettar, er det best å bruke PC eller MAC, då fungerer handlekorg-funksjonen.

ABC for bruk av handlekorg på TicketCo

HER har vi laga ei enkel oppskrift for korleis handlekorga fungerer. NB! Foreløpig fungerer den berre på PC og MAC. 

Billettane kan du skrive ut og ta med, eller du kan bruke QR-koden du får tilsendt til telefonen. Vi skannar koden i døra - eller på billettkontoret når du har kjøpt festivalpassbillett ( bytast i armband på Billettkontoret).  

Billettprisar: Sjå program/brosjyre.
Alle billettprisar er inkludert serviceavgift. Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.

For spørsmål om program og billettkjøp, send epost til: billettar@fordefestival.no eller ring tlf 46 90 50 10.


Kjøp Festivalpass - 2016


Festivalpass Vaksen kr. 950,-:

  • Gir fritt tilgjenge (unummererte plassar) til dei 4 store konsertane i Idrettshallen, samt utekonserten med Federspiel på Festplassen laurdag 9. juli.
  • Gir fritt tilgjenge til "Dansen går i Førdehuset" og rabatt på alle andre billetterte arrangement og rabattpris på kurs. Unntak: Lunsjkonsert på Førde Rådhus fredag 8. juli.

Festivalpass Ungdom/Student kr. 460,-:
(Alder: 14 - 20 år eller gyldig studentkort. Leg. plikt.)

  • Gir fritt tilgjenge (unummererte plassar) til dei 4 store konsertane i Idrettshallen, samt utekonserten med Federspiel på Festplassen laurdag 9. juli.
  • Gir fritt tilgjenge til dansen i Festsalen etter kveldskonsertane, og billett kr 50,- på alle andre billetterte arrangement og rabattpris på kurs. Unntak: Lunsjkonsert på Førde Rådhus fredag 8. juli.

Festivalpass Born kr 200,-:
Alder: Under 14 år.



Idrettshallen, Førdehuset - nummererte felt på golvplan:

Felt A - i midten frå hovudinngang; Felt B - til høgre frå hovudinngang, og Felt C - til venstre frå hovudinngang. Ein må ha plassbillett for å sitte på desse områda. Tilleggspris for plassbillett er kr. 50,-.

Festivalpasset gir fritt tilgjenge til unummererte plassar på tribunene og galleriet. 

Passhaldarar kan kjøpe plassbillettar til kr 50,- pr sete.


Innslepp i idrettshallen:

Innslepp startar 45 minutt før konsertstart. Vi ber publikum om å vere ute i god tid til konsertane i idrettshallen, slik at vi får smidig innslepp og kan starte presis. 

Alle andre konsertsalar har unummererte plassar, og innslepp til konsertane er 30 minutt før konsertstart.

 

Forklaringar til billettprisar i program/brosjyre:

Døme 1: Opningskonsert (Idrettshallen, torsdag 7. juli) - 360 (ordinær pris vaksen, unummerert) / - (inkludert i festivalpasset; unummerert) / 50 (barnebillett, unummerert).

Døme 2: Festivalnatt (Scandic Sunnfjord Hotel, laurdag 9. juli) - 360 (ordinærpris, vaksen) / 220 (pris med Festivalpass, vaksen) / 50 (pris med Ungdom/Studentpass).

 

Følgjekort

Fritt tilgjenge/fribillett for følgjeperson til funksjonshemma/ rullestolbrukar på dei fleste konsertarenaane. Gyldig følgjekort må visast ved billettkjøp. Fribillett til følgjeperson kan bestillast ved å ringje Billettkontoret på tlf 46 90 50 10. Det er kun Billettkontoret som kan skrive ut fribillettar.

 

Konsertar utanfor Førde

Det vert sett opp busstransport til og frå konsertar utanfor Førde. Bussavgang utanfor Førdehuset; bussbillett er inkludert i konsertbilletten.

Unntak: Bussavgang frå Langebrutorget kl 10.30 til konserten 706 moh 9. juli kl 13.00.

 


Medlems- og abonnentrabattar:

DNT-medlemmer kan kjøpe 1 stk Festivalpass vaksen, 1 stk Ungdom/Studentpass eller 1 stk Barnepass til rabattpris. Gyldig medlemskort må visast på Billettkontoret.

BOB-medlemmer: Rabattpris på Circus Raj torsdag 7. og fredag 8. juli kl 15.00 på Festplassen. Gyldig fordelskort må visast ved billettkjøp/ innsjekk.

Bergens Tidende-abonnentar kan kjøpe inntil 2 Festivalpass vaksen til rabattpris. Gyldig BT-kort må visast på Billettkontoret.

Fleire abonnentrabattar kan kome til. 

Billettkontoret


Sentralbord: +47 46 90 50 10

Epost: billettar@fordefestival.no


Inngang rett frå parkeringsplassen ved Førdehuset. 

Det er gjennomgang frå Billettkontoret til resten av Førdehuset.

Opningstider 4. juli - 10. juli:
Måndag-tysdag 09.00-20.00
Onsdag 09.00-22.00
Torsdag-laurdag 09.00-24.00
Søndag 10.00-18.00