MARKO MARKOVIC BRASS BAND

Marko Markovic 1.jpg
 

Faren, Boban Markovic, har spelt trompet i meir enn tretti år, og sjølv lærde Marko å spele trompet før han var fem år gamal. Han brukte all tid på instrumentet, som skulle vise seg også å bli hans største lidenskap. Alt som 14-åring vart han dregen inn i musikkverda han hadde fantasert om lenge; på turné med faren sitt band. Han trengde ikkje å øve med dei, han hadde lært seg alle låtane for lenge sidan. Sidan den første turnéen i 2002 var han fast medlem i faren sitt eminente brassband, og snart var han den leiande solisten. Som 18-åring var han den som komponerte og arrangerte det meste av musikken til orkesteret; og frå då av var han den kunstnarlege leiaren av faren sitt band.

I tillegg til musikkarriere og eit konstant turnéliv, byrja Marko også som filmskodespelar i Dusan Milic sin film ‘Trumpet’. Medprodusenten var Emir Kusturica. Verdspremieren for filmen var på filmfestivalen i Berlin i 2007. Marko spelar Romeo, ein ung gut frå Roma som spelar trompet og forelskar seg i Juliana, dotter til ein verdskjend serbisk trompetist. Marko hadde ikkje berre hovudrolla i filmen, han spelte også det meste av musikken i den. I løpet av 2007 vart ‘Trumpet’ vist i dei fleste europeiske landa, og vart nominert til ein europeisk filmpris for best musikk.

Ulikt faren, som var ein Guca-ambassadør, konkurrerte ikkje Marko sjølv i Guca-festivalen (ein verdskjend trompetfestival i Serbia). Han stod imidlertid bak komposisjonane til mange av dei som kan smykke seg med tittelene ‘Master of the Trumpet’, etter å ha gått til topps i konkurransane på denne festivalen. Han har også komponert musikken til den tyske filmen ‘Für Immer’, som vart vist på Darling Berlin festivalen i 2015.

Marko har meir enn 1000 konsertar bak seg i konsertsalar og på festivalar over heile verda. Han samarbeider med internasjonale kapasitetar som Emir Kusturica, Goran Bregovic, Saban Bajramovic, Frank London, Jerry Conzaalez, Gru, Marcus Magdi Ruzsa, Kolektiv, Calexico, Peter Ralcev, Esma Redzepova, Jovan Pavlovic og mange andre.

 
SerbiaTorill Faleide