Furebotten / Amper / Haltli

Ragnild Furebotten er kjend for dei fleste som felespelar og komponist i bandet Hekla Stålstrenga, men gjennom hennar 18 år som musikar har det heile tida vore viktig for ho å gjere eigne soloprosjekt. Ragnhild likar å tenkje nytt, tenkje ut nye musikalske konstellasjonar og har alltid hatt eit fokus på å skape seg ein tydeleg eigenart og ei tydeleg stemme i det nordiske folkemusikklandskapet. Hittil har det vorte 15 eigne plateinnspelingar. I tillegg har ho spelt på fleire plater for andre artistar.

Repertoaret på denne konserten er musikk Ragnhild Furebotten har komponert i løpet av dei fem siste åra; ein periode då livet hennar har teke mange bråe vendingar. Dette blir musikk på godt og vondt

Med seg har ho svenske Emilia Amper på nøkkelharpe og Frode Haltli på trekkspel. Sistnemnde har eit Furebotten samarbeidd med i mange år, medan samarbeidet med Emilia Amper byrja med eit 8. mars-arrangement på Riksscenen i 2014.

Før trioen kjem til Førde, skal dei gjere live-innspeling av konserten på Festspillene i Nord-Norge. Ragnhild Furebotten sin store motivasjon er møte med publikum. Det er det ho elskar, og det er der då ho leverer sitt beste og det er draumen ho som musikar har; desse augneblinkane då ‘alt klaffar’.

 

Ragnhild Furebotten - fele

Emilia Amper - nøkkelharpe

Frode Haltli - trekkspel

NorgeTorill Faleide