Trio Lopez Petrakis Chemirani

Trio Lopez Petrakis Chemirani_AUS9553a.jpg

Grenselaust vakkert!

Dette er eit møte mellom tre ekstraordinære musikarar frå den nye generasjonen av folkemusikkutøvarar i området rundt Middelhavet. Alle tre kjem frå kulturar med sterke musikktradisjonar - gresk, latinsk og orientalsk. Desse har dei teke vare på, medan dei heile tida har utvikla seg og sugd til seg inspirasjon og kunnskap frå andre musikkformer og andre tradisjonar.

Røtene i Stelios Petrakis sin musikk går tilbake til 2000-1400 fvt. på Kreta, og er utgangspunktet for fleire av musikkretningane som utvikla seg aust i Middelhavet. Petrakis er kjend for sitt magiske strengespel på luttar og lyrer i ulike former. Frå Valencia i Spania kjem Efren Lopez, i si tid grunnleggjaren av ‘L’Ham de Foc’. Han har ein klassisk vestleg musikkbakgrunn, men budde i lengre periodar i Athen og Istanbul, for å lære seg orientalske musikk. Efren Lopez er multiinstrumentalist, og har fleire prosjekt innan både samtidsmusikk og pop/rock. Den iranske perkusjonisten Bijane Chemirani, har som bror Keyvan gått i lære hos faren, Djamchid Chemirani (Trio Chemirani), og er eit unikum på zarb.

Her møter du altså tre ubestridde virtuosar som finn saman i eit felles språk, og som med tett, presist og audmjukt samspel inspirerer, improviserer og eggar kvarandre opp på meisterleg vis – resultatet blir grenselaust vakker musikk!

Efren Lopez - dreielire, lutt, latva
Stelios Petrakis - lutt (laouto), lyre
Bijan Chemirani - zarb, lyre, daf

 

LAURDAG 7. JULI KL. 14.00 TRIO LOPEZ PETRAKIS CHEMIRANI
FESTSALEN, FØRDEHUSET