Op sødeste sang

NY produksjon

Religiøse folketonar i ny drakt

Velkomen til eit møte med vakre og gripande songar frå vår eigen store og rike religiøse song- og folketoneskatt. Songskattane er henta fram frå fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og Arne Bjørndals samling ved Universitetet i Bergen, som gøymer mange hundre lydklipp frå sterke kjelder både i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord - som Ragnar Vigdal, Ola Vanberg, Åslaug Finden Røyrvik, Paul Berstad, Lars Ryssdal, Hans Tangenes med fleire. I tillegg har tekstar etter fleire lokale diktarar - til dømes diktarpresten Claus Frimann i Nordfjord - også vorte del av den religiøse songskatten vår.

Mykje av repertoaret i konserten har fått nye arrangement signert Sigbjørn Apeland, og vert framførte av nokre av våre fremste musikarar:

Sigbjørn Apeland frå Sveio er musikalsk leiar og ansvarleg for nye arrangement. I tillegg til å vere organist og kjend frå langvarig samarbeid med mellom andre Sigrid Moldestad og Nils Økland, er Apeland førsteamanuensis ved Griegakademiet ved Universitet i Bergen.

Synnøve Bjørset frå Jølster er ein av våre leiande felespelarar, som i tillegg til solokarriere også er sentral i gruppa Majorstuen, som òg er artist under årets festival. Ho er også musikkarkivar ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. 

Arve Henriksen frå Stryn har markert seg som ein allsidig trompetist - alltid utforskande og i rørsle, med ein grunnleggande lyrisk stil i botn. Alt i alt har han medverka på rundt 140 plater, har motteke tallause jazzprisar og samarbeidd med ei lang rekkje musikkprofilar, norske som internasjonale. 

Kim Rysstad frå Rysstad i Setesdal er A-klassekvedaren med både Spellemann-nominasjon og MGP deltaking som er velsigna med ei av dei vakraste stemmene i landet. I desember gav han ut juleplate med sjølvaste London Symphoni Orchestra.

Malin Alander frå Gloppen studerer song ved Norges Musikkhøgskole. Ho var deltakar i Førdefestivalen sitt internasjonale talentprosjekt i 2015 - og no er ho altså tilbake i ein av våre nye produksjonar, i tillegg til at ho har songkurs med utgangspunkt i dei religiøse folketonane som er repertoaret for årets kyrkjekonsert.

Sigbjørn Apeland - orgel
Arve Henriksen - trompet
Synnøve Bjørset - hardingfele, fele
Kim Rysstad - vokal
Malin Alander - vokal


Fredag 6. juli kl. 21.30 Kyrkjekonsert: Op sødeste sang
Førde kyrkje  


Laurdag 7. juli kl 12.00 Songkurs: Religiøse folketonar
Instruktør: Malin Alander

NorgeGasta Design