Muchacho & Los Sobrinos

muchacho&sobrinos22-┬®fourni.jpg

Ekte Rumba Catalana

Los Sobrinos er barndomsvenene, kompisane og brødrene frå roma-områda i Barcelona som opp gjennom åra har spelt sin rumba i bryllaup og i alle andre festlege lag, i tillegg til konsertar. Den katalanske rumbaen oppstod i Raval-bydelen i Barcelona tidleg på 50-talet, og Muchacho y Los Sobrinos vidarefører arven etter m.a. Peret, den gudbenåda musikaren og songaren som var den som gjorde mest for å utvikle denne spesielle musikkstilen.

Muchacho y Los Sobrinos serverer autentisk rumba Catalana, med intense klapperytmar, fandenivoldsk gitarspel og raspande vokal. Dei etterlet ikkje tvil om at katalansk rumba har sine musikalske røter på Cuba, men at spansk flamenco har sett sine tydelege spor både i musikken og dansen. Og apropos dans: Bandet har også med seg dansarane  Raquel Vicente og Enrique Serviole, som òg er instruktørar på kurs i katalansk rumba på festivalen, så det er berre å melde seg på!

Miguel Serviole “Muchacho” - vokal, gitar, piano
Sam “Mosquetón” - gitar, vokal
Jack Jean Tarradellas - perkusjon, vokal
Jonathan Malla “Petete” - gitar, vokal
Juan Salazar – tangent
Antonio Reyes - bass
Alba Bioque - klapping, vokal
Enrique Serviole - dansar, kubjølle (campana), klapping
Raquel Vicente - dans, klapping


Onsdag 4. juli kl. 20.00 Muchacho y Los Sobrinos
Gloppen Hotell, Sandane


Torsdag 5. juli kl. 20.00 Opningskonsert: Dansen i musikken - musikken i dansen!
Idrettshallen, Førdehuset


Fredag 6. juli kl. 09.30 Rumba Catalana dansekurs


Laurdag 8. juli kl. 23.00 Dansefest med Danyel Waro og Muchacho & Los Sobrinos
Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa


SpaniaTorill Faleide