Marja Mortensson

Marja Mortensson - IMG_6408.jpg

Mojhtestasse (minnegåve)

Samisk stemme som går rett i hjartet

22 år gamle Marja Mortensson kjem frå ein reindriftsfamilie i Svahken Sïjte i Hedmark. Eitt års reise er over, der Marja Mortensson har leita og funne gamle joikar frå sørsamisk og umesamisk område i arkiva. Joikane har gjeve inspirasjon til å ta tak i denne kulturarven, og til å lage nye joikar.

Joiken har vore godt gøymd i sørsamisk kultur, og dei færraste har lært den vidare. I denne konserten, Mojhtestasse - som tyder minnegåve - løftar Marja Mortensson dei gamle joikane fram i lyset og gjev dei ei hamn for vidare liv og utvikling. Saman med musikarane Daniel Herskedal på tuba og Jakop Janssønn på perkusjon har Mortensson utvikla eit sjelfullt lydbilde som formidlar den sørsamiske musikktradisjonen med rettferd og kjærleik - på ein moderne måte.

Lovande Mortensson song då Kongeparet feira 25-årsjubileum, og i januar delte ho scene med Mari Boine under Nordlysfestivalen i Tromsø. Møt ei ny samisk stemme som går rett i hjartet!

Marja Mortensson - joik, vokal
Daniel Herskedal - tuba
Jakop Janssønn - perkusjon


Torsdag 5. juli kl. 23.00 Sommarnatt på Jølster (Marja Mortensson solo)
Jølstramuséet, Vassenden.


Fredag 6. juli kl. 12.00 Marja Mortensson - Mojhtestasse
Takterrassen, Sogn og Fjordane Museum (inne viss dårleg vêr)

NorgeGasta Design