Majorstuen - Skrible

 Majorstuen. Foto: Marius Beck Dahle

Majorstuen. Foto: Marius Beck Dahle

Det er ikkje ofte Morgan Kane, Kristin Lavransdatter, Per Waglen og Lensmann Geissler vert nemnde i ei og same setning. Men då dei fem musikarane og komponistane i Majorstuen vart utfordra av Norsk Litteraturfestival til å bruke litteratur som inspirasjon for ny musikk, let dei seg inspirere av heile spennet frå moderne underhaldningslitteratur til klassiske verk.  

I SKRIBLE brukar Majorstuen sitt folkemusikalske fundament, sin fantasi og sin kreativitet til å kommentere, kontrastere og abstrahere dei mange aspekta ved litteraturen. Etter 17 års musikalsk samarbeid har dei skapt sitt eige uttrykk, og med folkemusikken sin estetikk i botn reiser dei i ulike musikalske landskap - og er alltid forfriskende og overraskande på scena.

Nærare 300 konsertar i 20 land har det blitt, og Majorstuen sitt sceniske uttrykk har sett ein ny standard for korleis formidle folkemusikk til et breitt publikum. Om dei spelar på ein liten bygdepub i Romsdal eller i eit verdskjend kulturhus i Paris - er dei kjende for sitt spesielle lydbilete, det gode samspelet og glimtet i auget.  For debutplata «Majorstuen» fekk dei Spellemannprisen, og dei påfølgjande seks plateutgjevingar har sikra dei nominasjon til både Spellemannprisen og andre prisar. 
I SKRIBLE tek Majorstuen deg med på ein litterær blåtur med spennande musikalske stoppestader!

Synnøve S. Bjørset - fele
Jorun Marie Kvernberg - fele
Anders Löfberg - fele, cello
Bjørn Kåre Odde - fele, bratsj
Tove P. Hagen - fele, cello, bratsj


Laurdag 7. juli kl. 18.30  Majorstuen
Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa    

NorgeTorill Faleide