Silje Onstad Hålien

Silje Onstad Hålien - foto: Tanja Steen

Silje Onstad Hålien - foto: Tanja Steen

Silje Onstad Hålien

Konferansier på opningskonserten

Dansaren, skodespelaren og koreografen Silje Onstad Hålien kjem frå Vang i Valdres, og er mellom anna kjend for framsyninga ‘101 hattar å sparke før eg døyr’ (Førdefestivalen 2016) og gjennom rolletolkingar som Fossegrimens dotter på Det norske teater og Smirre Rev på Västanå teater. I 2015 vart ho kåra til Årets folkemusikar, og i februar/mars var ho Månadens artist på Riksscenen. Onstad Hålien står også bak framsyninga Dei gamle er eldst (fredag 6. juli i Storsalen, Førdehuset) som er produsert i samarbeid med Førdefestivalen, Hilmestemnet og Riksscenen - og Villniss Dansekompani, som ho driv saman med Andreas Ljones.


Torsdag 5. juli kl. 20.00 Opningskonsert: Dansen i musikken - musikken i dansen!
Idrettshallen, Førdehuset


Fredag 6. juli kl. 16.30 Silje Onstad Hålien: Dei gamle er eldst
Storsalen, Førdehuset

NorgeGasta Design