Jyotsna Srikanth

jyotsna-srikanth-gallery-009.jpg

Ein fargerik og glitrande formidlar av karnatisk musikk

Europas leiande indiske felespelar kjem frå Bangalore, men bur i London. Alt som 4-åring lærde ho karnatisk song hos mora, men då ho to år seinare fekk prøve seg på fele, var valet gjort, og sidan har fela og ho vore uskiljelege. Jyotsna Srikanth gjekk i lære hos dei store meistrane, øvde timevis kvar dag og gjekk på konsertar om kvelden. Alt 9 år gamal hadde ho sin konsertdebut.  

Medan ho budde i India, laga Jyotsna Srikanth musikk til over 200 filmar, og då ho flytta til London, samarbeidde ho med med dei store TV-kanalane, som Discovery og National Geographic. I dei seinare åra har plateinnspelingar og ikkje minst turnéar teke det meste av tida hennar. Jyotsna Srikanth er eit musikalsk fyrverkeri og ein moderne formidlar av karnatisk musikktradisjon. Saman med trioen sin, leverer ho musikkprestasjonar av ypparste klasse, enten det er indiske raga eller frijazz-jamming - eller ein kombinasjon av dei to. Til Førde kjem ho og trioen hennar saman med bharatanatyam- dansarane Suganya Balan og Bhagya Lakshmi Thyagarajan.

Jyotsna Srikanth er ein musikar etter våre hjarte. Ei oppleving!

Major instrumentalist of vision and imagination
— fRoots
An extraordinary and versatile violinist
— The Guardian

Jyotsna Srikanth - fele
Suganya Balan - dans
Ramachandra Rao Narsimha Prakash - Mridangam
Pujenthan Sivagurunathan - Khanjira
Bhagyalakshmi Thyagarajan - dans


Torsdag 5. juli kl. 20.00 Opningkonsert: Dansen i musikken - musikken i dansen!
Idrettshallen, Førdehuset


Torsdag 6. juli kl. 14.30 Møt artisten: Jyotsna Srikanth og dansarar.
Utstillingssalen, Førdehuset

Fri entré. 


FREDAG 6. juli kl. 18.00 Jyotsna Srikanth trio med  Suganya Balan og Bhagya Lakshmi Thyagarajan
Teatersalen, Førdehuset