INTRO-folk semifinale

Ole Nilssen

Ole Nilssen (f. 1993) frå Løten er ein ung, og allereie merittert folkemusikkutøvar. Han gav i 2017 ut soloplata «Premiér» som hausta gode kritikkar og vart nominert til Folkelarmprisen. Ole kjem frå ei folkemusikkslekt på Hedmarken der far og bestefar har vore læremeistrar i oppveksten. Gjennom studiar ved m.a. Norges Musikkhøgskule har han jobba med den tradisjonelle slåttemusikken, og samstundes utforska det store spennet i tradisjonsmusikken frå heimplassen. Han er dette året plateaktuell med fleire prosjekt, og i INTRO-folk kjempar han om å bli ‘Årets unge folkemusikar’. Under festivalen spelar han òg opp til dans i duoen Nilssen/Odde.

Helga Myhr

Helga Myhr (f. 1995) er ein hardingfelespelar og kvedar frå Torpo i Hallingdal. Heilt frå dei fyrste leveåra har Myhr spelt fele, langeleik, sunge og dansa. Sidan 2007 har ho vore ein del av Kvedarkvintetten, med systrene Sina og Margit Myhr og dei to systrene Tonje og Silje Risdal Liahagen. Dei har to plater ute: ‘Kvedarkvintetten’ (2016) og ‘Julesong’ 2017. Etter at Helga Myhr starta på Norges Musikkhøgskule i 2015 har ho etterkvart etablert seg i fleire band og grupper, blant anna gruppa Morgonrode som er plateaktuelle i 2018. Myhr har også markert seg som ein allsidig soloutøvar på ulike scener og festivalar der ho nyttar både songen og fela i ulike utrykk.


Fredag 6. juli kl. 15.00 Soloscena: INTRO-folk semifinale
Haarklousalen, Førde kulturskule

 

INTRO-folk – Årets unge folkemusikar

Seks av dei mest lovande, unge folkemusikarane er plukka ut til INTRO-folk 2018. Dei seks kjempar om finaleplass og tittelen Årets unge folkemusikar 2018, speleoppdrag på Riksscenen, showcase på Folkelarm 2019 og Gramo-stipendet på 100 000 kroner.

INTRO-folk er eit lanseringsprogram for unge, lovande folkemusikarar i regi av FolkOrg, i samarbeid med tre av landets folkemusikkfestivalar. Målet med prosjektet er å skape ein arena der eit avgrensa tal unge folkemusikarar kan utvikle seg som kunstnarar og få erfaring i musikkformidling på eit høgt nivå, og der et breitt publikum kan bli betre kjende med dei som musikkutøvarar. INTRO-folk skal gje kompetanseheving og vere eit springbrett for ein musikar i startgropa. Styret i FolkOrg har i denne runda vald å fokusere på det solistiske uttrykket innanfor folkemusikken, for å fremje denne delen av tradisjonen.

 

NorgeGasta Design