Helga Myhr og Lars Fivelstad Smaaberg

Helga Myhr.jpg

Unge folkemusikkutøvarar frå Hallingdal

Helga Myhr er ein hardingfelespelar og kvedar frå Torpo i Hallingdal, som heilt frå dei første leveåra har spelt fele, langeleik, sunge og dansa. Sidan 2007 har ho vore med i Kvedarkvintetten, saman med systrene Sina og Margit Myhr og Tonje og Silje Risdal Liahagen. Våren 2016 gav dei ut deira fyrste plate ‘Kvedarkvintetten’, og året etter kom ‘Julesong’. Etter at Helga Myhr starta på Norges Musikkhøgskule i 2015 har ho etterkvart etablert seg i fleire band og grupper, til dømes gruppa Morgonrode (Rasmus Kjorstad, Selma French Bolstad, Fredrik Luhr Dietrichson og Andreas Winther) som er i gang med si første plate. Myhr har også markert seg som ein allsidig soloutøvar på ulike scener og festivalar, der ho nyttar både songen og fela i ulike utrykk. 

Lars Fivelstad Smaaberg.jpg

Lars Fivelstad Smaaberg kjem frå Gol i Hallingdal, men er for tida busett i Bergen. Som dansar, kvedar og hardingfelespelar har han synt seg som ein habil aktør innan folkemusikken og dansen, med utgangspunkt først og fremst i song- spel- og dansetradisjonane i Hallingdal. Dei lokale tradisjonane heimanfrå står sterkt i Fivelstad Smaaberg sitt arbeid, og med prominente læremeistrar som Øyvind Brabant, Gunnlaug Lien Myhr og Inger Marie Lien Rust har han heile tida fått gode vilkår for å utvikle sine personlege uttrykk og særpreg.

 


Onsdag 4. juli kl. 09.00 Morgonstund har gull i munn
Tussero, Vieåsen barnehage, Førde

Fri entré.


Torsdag 5. juli kl. 09.00 Morgonstund har gull i munn
Halbrend barnehage, Førde

Fri entré.


Fredag 6. juli kl. 09.00 Morgonstund har gull i munn
Sunde barnehage, Førde

Fri entré.

NorgeTorill Gundersen