HAZELIUS HEDIN

Hazelius_Hedin_Press_3_photo_David_Brohede1_Web.jpg

Svensk folkemusikkduo med briljans og driv.

Songaren og strengemeisteren Esbjørn Hazelius og nøkkelharpevirtuosen Johan Hedin har dei siste åra hatt stor suksess på den svenske og internasjonale folkemusikkscena, og ikkje minst opplevd stor respons utanfor sjangeren.

Saman utgjer dei to ein komplett og fargesterk duo som med blendande briljanse og tøft driv fyller dei svenske danselåtane og visene med musikk som grip og rører eit stort publikum. Repertoaret omfattar alt frå middelalderballadar, eventyrsongar og kjærleiksballadar til instrumentale danseslåttar, både tradisjonelle og nykomponerte. Arrangementa - som ofte har noko keltisk over seg - er fasinerande enkle og følgjer tradisjonen, men er på same tid innfløkte og djupt personlege.

Hazelius Hedin si første plate, ‘Om Du Ville Männeske Heta’, tok heimlandet med storm og duoen vart kåra til Årets gruppe på Folk- og världsmusicgalan tilbake i 2012. Oppfølgjaren, ‘Sunnan’, kom to år seinare, og vart om mogleg endå betre motteken med rosande kritikkar og topplasseringar på svenske platelister - uansett sjanger. Til Førde kjem dei med splitter ny plate i bagasjen, og dei spelar både konsert og til dans.

Esbjørn Hazelius - vokal, cister, fele, gitar
Johan Hedin - oktavnøkkelharpe, cister, vokal

www.esbjornhazelius.com
www.johanhedin.com


Fredag 6. juli kl. 21.00 Dans utan stans!
Festsalen, Førdehuset

Kjøp billett på billettkontoret. 
Fri entré med festivalpass eller billett til Flamenco - 4 women 4


Laurdag 7. juli kl. 13.00 706 m.o.h.: Hazelius Hedin
Hafstadfjellet


Laurdag 7. juli kl. 22.30 Nordisk klubb
Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa          


Søndag 8. juli kl. 17.30 Hazelius Hedin
Jakob Sande-tunet, Dale

SverigeGasta Design