FRIGG

frigg-press-kvit bakgrunn - 1510-tero-ahonen.jpg

Finsk perfeksjon i særklasse

Frigg tilbake i Førde! Vi kunne gjerne legge til eit jippi, for det er med stor glede vi tek imot denne no 100% finske gruppa, som har erobra verda med ei blanding av vestleg folkemusikk - der hovudingrediensen alltid har vore den nordiske tradisjonsmusikken. Musikken deira vert ved fleire høve omtala som nordgrass, for å skildre bluegrass-elementa dei dreg inn i lydbiletet sitt. Frigg får med rette mykje kred for sitt tette samspel mellom feler, gitar, kontrabass, mandolin og sekkepipe. Nydelege slåttar i sprelske arrangement kjem trillande - den eine godbiten etter den andre.  Finsk gravalvor er fråverande, men derimot har dei humor og speleglede i overflod. Og dessutan, musikalsk perfeksjon som gjev deg bakoversveis.

I 2017 gav dei ut si åttande studioplate, Frost for Fiddles. Den tidlegare norsk-finske gruppa, er no 100% finsk, men framleis med ei åre inn i den norske folkemusikken. Få om nokon nordiske folkemusikkband kan vise til liknande solid internasjonal suksess som Frigg, som rett og slett er i særklasse når dei står på scena!

Tommi Asplund - fele
Tero Hyväluoma - fele
Alina Järvelä - fele
Esko Järvelä - fele
Juho Kivivuori - bass
Tuomas Logrén  - gitar
Petri Prauda - sekkepipe, mandolin


Laurdag 7. juli kl. 20.30 Festivalgalla
Idrettshallen, Førdehuset


Laurdag 7. juli kl. 23.00 Nordisk Klubb
Festivalsalen, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

FinlandGasta Design