Flamenco - 4 WOMEN 4

4 women 4 - pressefoto.jpg

Manuel Ramírez Flamenco Ballet

Ein storslagen hyllest til den spanske kvinnekampen

Eit historisk tilbakeblikk på kvinner sine kår i Spania frå 1900-talet og opp til moderne tid er essensen i Manuel Ramírez si storslagne flamencoframsyning 4 women 4. Dei som førte den vanskelege kampen for likestilling og rettferd for spanske kvinner, kan ikkje sjølv fortelje historia frå scena, men innsatsen deira, og utfordringane dei møtte, vert sterkt formidla av dansarane, musikarane og songarane i ensemblet.
 
Flotte kostyme og tidstypiske rekvisittar fører oss gjennom dei ulike tidsepokane - frå kvinner var koner og mødre (-1889), via den første sprenginga av grenser, til borgarkrigsåra (1936-39), diktaturet (1940-75) og til slutt demokratiet (1975-) - og etterlet ingen tvil om at kvinnekampen også i Spania har vore langvarig og vanskeleg, og at den har sine heltinner. Alt i alt er 4 women 4 ein stor hyllest til alle dei modige kvinnene som ikkje lenger fann seg i å bli undertrykte i eit mannsdominert samfunn, men sette foten ned, tok opp kampen og ofra det meste for å oppnå likeverd og rettferd for sine medsøstre.

Manuel Ramirez er ein ung, framstormande dansar og koreograf, som allereie har arbeidd med kjende flamencoutøvarar som Antonio Canales, Juana Amaya, Esperanza Fernández, Antonio "El Pipa", Miguel Vargas og fleire. Han har motteke ei rekke prisar og har turnert internasjonalt med opptredenar i kjende teater i Tokyo, London, Paris, Edinburgh, Tyskland og Sør-Korea. No driv han sitt eige dansekompani.

Hovuddansar og koreograf
Manuel Ramírez

Solist
Julia Acosta

Dansarar
Julia Acosta
Mercedes Jaldón
Nuria Martínez
Irene Marín

Mario Parrana – gitar
Mayte Maya Altea – vocal (“cantaora”)
Antonio Jiménez Fernández “Antonio el Porras” – vocal (“cantaor”)
Antonio Jimenez Maya – perkusjon

 
ace_eng.jpg
 
 

FREDAG 6. JULI KL. 19.30 FLAMENCO - 4 WOMEN 4
IDRETTSHALLEN, FØRDEHUSET

SpaniaGasta Design