Festivalutstilling: Livets dans - dans i kvardag og fest

DSC_2587.jpg

Gammaldans, springar, tango og swing. Vi dansar for å hyggje oss, vise oss fram og for å flørte. Vi dansar fordi det er ein del av livet. Ungdomshuset er ein fristad med eigne sosiale kodar og reglar. No kan du bli med inn i ungdomshuset VIKING og oppleve noko av dansen si historie i Norge - og dansen i Norge i dag. 

Utstillinga består av ulike installasjonar og foto, og den siste timen av opningstida kvar dag, står dansegolvet ope for dei som har lyst til å danse. Du kan danse med kven du vil, eller med ein av utstillingsvertane. Livets dans - dans til kvardag og fest! er ein del vandreutstillinga i prosjektet Museene danser Norge, og vil vise ulike dansetradisjonar og oppmode til dialog rundt den historiske konteksten rundt dansane. Utstillinga vil også stimulere publikum til å reflektere over dansen si sosiale og kulturelle rolle og status i ulike epokar, heilt opp til vår tid. Korleis, kvifor og når vart det dansa? Korleis har nye dansetradisjonar utvikla seg i Norge? Difor er utstillinga eit forsamlingshus som i dag rommar ulike danseopplevingar - slik ungdomshuset VIKING gjer - og fungerer som vertskap for eit mangfald av dansetradisjonar.

I samarbeid med Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Sunnfjord Museum og Førde ungdomslag.



Onsdag 4. juli kl. 17.30 Offisiell opning av festivalutstillinga
Ungdomhuset Viking, Førde
Fri entré


Utstillinga er open:
Torsdag 5. juli - laurdag 7. juli kl. 12-16
Søndag 8. juli kl. 12-15

Billett kr 100 - kjøp ved inngang. 

Torill Faleide