FANFARAÏ BIG BAND

Fanfaraï-big-band-1-fotoJustine-Darmon.jpg

Ein herleg nord-afrikansk folkefest!

Sidan starten i 2005 har Fanfaraï Big Band aldri slutta å fornye seg og overraske med sine stadig nye kunstnarlege innfall og samarbeid. På sin heilt spesielle måte knyter ‘fanfaraïane’ saman kulturar og  kontinent, tradisjon og det moderne. Om dei spelar ute i gatene, på torget eller på scena, er det med eit inderleg ønskje om å glede og røre publikum.

Fanfaraï Big Band sin musikk er ei lidenskapleg og herleg blanding av folkemusikk frå Nord-Afrika, jazz, latinorytmar, litt tyrkisk og ymse sigøynartradisjonar. Reising og utforsking av andre kulturar ligg djupt i sjela deira, og det meste dei opplever vert samla og formidla gjennom musikken. Fanfaraï Big Band har på mange måtar skapt sin eigen sjanger, med gjenkjennelege klangar frå både arabisk-andalusisk musikk, gnawa, berber og chaâbi. Med instrument frå ulike kulturar og kontinent - som darbuka, guellal, kaarkabou, oud, kubansk congas og guembri - supplert av ein moderne rytmeseksjon med bass, tangent og trommer, er dei eit storband som skil seg godt ut frå andre storband. Fanfaraï Big Band kjem til Førde for å lage fest - og vi håpar du hiv deg ut på dansegolvet og blir med! 

Samir INAL - derbuka, guellal, kerkabu, oud, kor
Patrick TOUVET - trompet, vokal
Yvan DJAOUTI - trompet, vokal
Abdelkader TAB - tradisjonell perkusjon, vokal
Hervé LE BOUCHE - trommer
Olivier COMBROUZE - saksofon, tenor, baryton, vokal
Bouabdellah KHELIFI - vokal, fele, perkusjon
Emmanuel LE HOUEZEC - altsaksofon, fløyte, vokal
Mehdi CHAIB - sopran saksofon, kerkabu, vokal
Antoine GIRAUD - trombone (eller souba),  vokal
Didier COMBROUZE - bass, (el gitar), vokal
Smaïl BENHOUHOU - tangent, perkusjon, vokal


Torsdag 5. juli kl. 23.00 Sommarnatt på Jølster
Jølstramuseet, Vassenden


Fredag 6. juli kl. 23.00 Fredagsfest med 9 grader nord og Fanfaraï Big Band
Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa          


Laurdag 7. juli kl. 20.30 Festivalgalla
Idrettshallen, Førdehuset