Daniel Lazar og Almir Meskovic

HrtS.jpg

Fengande samspel frå hjartet av Balkan

Almir Meskovic frå Bosnia og Daniel Lazar frå Serbia flykta frå kvar si side av ein krig - og vart vener i Norge. Dei har begge 20 års erfaring med klassisk musikk, men har vakse opp med folkemusikk i hjartet av Balkan, der musikk og kulturar frå heile verda møtast og brytast - sigøynarmusikk, klezmer, klassisk og alt imellom. I musikken deira blandar dei sine balkanske røter med norske og skandinaviske element, til noko dei er åleine om. Dette er ein duo som er kjende for å få det vakraste ut av trekkspel og fele i samspel, med inspirasjon frå alle tidsepokar. Musikken deira fengjer og får sjølv dei tyngste danseføter til å riste laus.

Daniel og Almir spelar familiekonserten ‘Tusen knappar og fire strenger’ på Halbrendstølen onsdag ettermiddag. Dei likar å vise kor gode dei er til å lage mange rare og pipete lydar, og kor fort dei kan spele - med begge hender på same tid.

Seint torsdag kveld har du sjansen til å oppleve dei i dei små stovene på Jølstramuseet, i Sommarnatt på Jølster.

Daniel Lazar – fele
Almir Meskovic - trekkspel


Onsdag 4. juli kl. 15.00 Ut på tur, aldri sur!
Halbrendstølen, Førde


Torsdag 5. juli kl. 23.00 Sommarnatt på Jølster
Jølstramuséet, Vassenden.